Åndsverk
Eit åndsverk er eit litterært, vitskapleg eller kunstnerisk menneskeskapt verk. Etter norsk lov omfattar dette verk av alle former og uttrykksmåtar, så lenge det er prega av eit visst minimum av skapande innsats frå opphavspersonen si side (verkshøgd). Den som skaper eit åndsverk har opphavsrett til verket og denne oppstår automatisk idet verket vert skapt, uavhengig av formalitetar. Åndsverklova § 1 inneheld ei liste over dei mest praktiske formene for åndsverk, men denne lista er ikkje uttømande.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Åndsverk» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Jon Gisle m.fl.: Jusleksikon, Kunnskapsforlaget, Oslo 2003, ISBN 82-573-1338-6