Mink (Neovison vison) er eit mårdyr innfødd til Nord-Amerika. Den etter kvart ganske store europeiske bestanden er dels innført av Sovjetunionen som jaktvilt, og dels etterkommarar av rømde dyr frå pelsdyrfarmar. Dyret er vanleg i Noreg, og vert rekna som eit skadedyr i økologisk samanheng.

Mink
Mink
Mink
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med svært høg risikoUtbreiinga av mink
Utbreiinga av mink
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Mårfamilien Mustelidae
Slekt: Neovison
Art: Mink N. vison
Vitskapleg namn
Neovison vison
Minkunge.

Den europeiske minken, Mustela lutreola, er utbreidd i sentral- og aust-Europa, men er truga av utrydjing på grunn av konkurranse med amerikanske minkar.

Skildring

endre

Minken har langstrekt kropp med lang hale og korte bein. Pelsen er som regel mørkt brun, men kan variera frå svart til kvit på grunn av innflytnad frå rømd oppdrettsmink.

Ein vaksen hannmink er mellom 58 og 70 cm lang og veg 0,9-1,6 kg. Hoa er noko mindre, og er stort sett mellom 46 og 57 cm med ei vekt på 0,7-1,1 kg. Maksimal levealder er ca 10 år.

Levesett

endre

Mink trivst best i skogsområde med vatn. Kva han et, varierer med årstida: Om sommaren er hovuddelen av kosthaldet kreps og frosk med eit visst innslag av fugl og småpattedyr, om vinteren består det som regel av små pattedyr, fugl og egg.

Mink er dyktige til både å symja og å klatra. Dei kan dykka ned til om lag fem meters djupn, og symje omkring minst 30 meter i neddykka tilstand. På grunn av denne hangen til vatn vert hia deira vanlegvis plassert ved elvebredder eller langs sjøkantar. Det hender ofte at dei tek over hi frå andre dyr, t.d. bisamrotte.

Minken er nattaktiv.

Formeiring

endre

Minken er ein solitær jeger, og møter berre andre minkar i paringstida, seint på vinteren. Hannminken er særleg territorial, og markerer revir med moskussekret frå analkjertelen. Mink vert kjønnsmogen om lag 10 månadar gamal, i god tid til si første paringstid. Hoa går drektig i rundt 40-75 dagar før eit kull på 1-8 ungar vert fødd ut på vårparten.

Nyfødd mink veg 8-10 gram og er rosa og skrukkete, med eit tynt kvitt hårlag. Etter tre og ei halv veke opnar dei augo. Utpå hausten forlet dei mora for å danna sine eigne revir.

Mink i Noreg

endre
 
Mink som stikk hovudet ut av hiet sitt

Minken er ein framand art i norsk fauna. Dei første viltlevande bestandane her til lands vart etablerte på 1930-talet i Sunnhordland av etterkomarar av rømde pelsdyr. Om lag på same tid kom dei første minkfarmane på Austlandet, og innan 1955 var det registrert villmink i alle fylke på Austlandet. I 1980 fanst det mink i alle norske fylke utanom Finnmark; i dag finst han òg der. Det er derimot teikn som tyder på at bestanden er på veg ned, sjølv om det ikkje vert ført statistikk over han utanom det som vert teke som jaktvilt. Mink blir i dag oppfatta som ein trussel mot fleire sjøfuglbestandar. Han er i dag svartelista, jamfør Norsk Svarteliste 2007, utarbeidd av Artsdatabanken.

Bakgrunnsstoff

endre


  NODES