Åptefjorden

(Omdirigert frå Åptafjorden)

Åptefjorden er ein fjordarm av Lyngdalsfjorden i kommunane Farsund og Lyngdal i Agder. Han strekkjer seg 9 km nordvestover frå innløpet, om lag halvvegs inn i Lyngdalsfjorden mellom Lyngdal og sjølve Farsund, til bygda Drange inst i Drangsfjorden, som er ein fjordarm. Drangsfjorden stikk seg inn om lag 4 km nordaustover, om lag 2 km før Åptefjorden når enden ved bygda Åpta. Like utanfor Åpta ligg Åptøya, den største øya i fjorden.

Åptefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Farsund, Lyngdal
Kart
Åptefjorden
58°09′55″N 6°49′20″E / 58.16518°N 6.82233806°E / 58.16518; 6.82233806

På vestsida av fjorden, nesten rett ovanfor innløpet til Drangsfjorden, ligg bygda Herad ved Sandsbukta.

  NODES