Aghla Beg
Aghla Beg er eit fjell i County Donegal i Republikken Irland. Av dei to toppane på fjellet har den eine ei høgd på 564 meter over havet og den andre ei høgd på 603 m. Det er det tredje mest nordlege og femte høgaste fjellet i fjellkjeda kalla Seven Sisters av dei lokale innbyggjarane (Muckish, Crocknalaragagh, Aghla Beg, Ardloughnabrackbaddy, Aghla More, Mackoght (òg kalla 'Litle Errigal') og Errigal). Seven Sisters er ein del av Derryveaghfjella.
Aghla Beg | |||
fjell | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Region | Donegal | ||
Fjellkjede | Seven Sisters | ||
Høgd | 603 moh. | ||
Koordinatar | 55°04′07″N 8°03′20″W / 55.068710°N 8.055573°W | ||
Aghla Beg 55°04′07″N 8°03′20″W / 55.068711111111°N 8.0555722222222°W |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aghla Beg» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2007.