Animasjon er ulike former for illusjonar som gjev inntrykk av rørsle gjennom stillbilete som blir vist raskt etter kvarandre.[1]

Animasjon av tannhjul.

Animasjonsfilmar er filmar der heile eller delar av innhaldet er slik kunstig rørsle. Teiknefilm, mange dokkefilmar og dataanimasjon er døme på animasjonsfilmar.

Bildehastigheit og illusjon av rørsle

endre

Bildehastigheita er viktig i etablera av animasjon - det vil seia at ellers stilleståande objekt ser ut til å røra seg. Ved å utnytte ein svakheot for rørsle i augo som blir kalla kritisk flimmerfusjon, kan ein ved å kjapt visa ein sekvens med ulike bilde (ruter) av eit objekt i jamn forflytting gje illusjonen av rørsle.

Ein kan laga animasjon sjølv med under eit bilde per sekund, og oppnår på den måten ein slags «trafikklys-effekt». Men jo fleire ulike bilde ein klarer å visa per sekund, jo jamnare blir animasjonen. Kritisk flimmerfusjon, det vil seia jamn animasjon, oppnår ein ved mellom 12 til 16 bilde per sekund. Kinofilm viser 24 bilde per sekund, men i realiteten blir kvar kinoramme vist to gonger, noko som gjev ein reell hastigheit på 48 bilde per sekund. Det same gjeld for video der kvar heile ramme blir vist 25 gongar per sekund, men der i det i realiteten berre er kvart halve bilde som blir vist kvart for seg kvart femtiande-dels sekund på grunn av «interlacing» av videosignalet.

Her er to døme på korleis kritisk flimmerfusjon verker illustrert med animasjonar med ulik hastigheit:

 Animasjon med 10 ruter per sekund.
 Animasjon med 2 ruter per sekund. Med 2 ruter per sekund vil betraktaren oppfatte kvart enkeltbilde.

 
Dei seks rutene som er brukt i animasjonseksempla over

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Animasjon
  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES