Argentinsk Antarktis
Argentinsk Antarktis (spansk Antártida Argentina) er ein sektor av Antarktis som Argentina har gjort krav på og som dei reknar som ein del av sitt nasjonale territorium, sjølv om dette kravet ikkje er internasjonalt anerkjent og overlappar med britiske og chilenske kravområde i Antarktis. Argentinsk Antarktis består av Den antarktiske halvøya og ein trekanta seksjon som strekkjer seg til Sørpolen, og som er avgrensa av lengdegradene 25° V og 74 °V og breiddegraden 60° S.[1] Administrativt er Argentinsk Antarktis eit department i provinsen Tierra del Fuego, Antarktis, og Dei søratlantiske øyane. Styresmaktene for provinsen held til i Ushuaia og guvernøren peikar årleg ut ein fullmektig for den antarktiske regionen.
Argentinsk Antarktis | |||
sektor | |||
|
|||
Kravd av | Argentina | ||
---|---|---|---|
Argentinsk Antarktis 75°00′S 49°30′W / 75°S 49.5°W | |||
Kart som viser Argentinsk Antarktis.
| |||
Wikimedia Commons: Antártida Argentina |
Den argentiske utforskinga av kontinentet starta tidleg på 1900-talet. José María Sobral var den første argentinaren som sette fot i Antarktis i 1901, og han var her to periodar med Den svenske antarktiskekspedisjonen til doktor Otto Nordenskiöld. Kort tid etter, i 1904, var Orcadas-basen alt fullt operasjonell. Fleire år seinare vart det oppretta andre basar, somme permanente og somme berre i drift til tider av året. Den første argentisnke ekspedisjonen som nådde Sørpolen var Operación 90 i 1965.
Dei argentinske oppgåvene i Antartis vert styrte av Instituto Antartico Argentino.
I følgje den siste argentinske folketeljinga i oktober 2010, budde det 230 folk i seks permanente basar, inkludert ni familiar og 16 barn: 75 i Marambio, 66 i Esperanza, 33 i Jubany, 20 i San Martín, 19 i Belgrano II og 17 i Orcadas.[2]
Geografi
endreDei geografiske strukturane i Argentinsk Antarktis er eit framhald av somme av strukturane i Patagonia, som ligg nord for sektoren. Dei høgaste toppane ligg sør for Den antarktiske halvøya, med øyar og øygrupper i nærleiken. Dette landområdet ligg under eit isdekke.
Regionen har polarklima med sterk vind, snø og tjukt skydekke.
Argentinske basar
endreEsperanza og Marambio er dei største argentinske basane, med i alt 70 bygjingar og i snitt 110 menneske som overvintrar, og opp mot 250 menneske om sommaren. Orcadas-basen ligg på Sør-Orknøyane utanfor det antarktiske fastlandet og var den første basen i verda i Antarktis. Han har vore i kontinuerleg drift sidan 1903. Den sørlegaste permanente argentinske basen er Belgrano II, ved 77 grader sør. Den sørlegaste sommarbasen er Sobral, som ligg 1450 km frå Belgrano II.
Basane får forsyningar frå skipa ARA «Puerto Deseado», ARA «Suboficial Castillo» og ARA «Almirante Irízar», samt fly.
Permanente
endre- Belgrano II, (77°52′S 34°37′W / 77.867°S 34.617°W) Laboratorium og meteorologisk stasjon. Den sørlegaste argentinske basen (sidan 1979).
- Esperanza (63°24′S 57°00′W / 63.400°S 57.000°W) Laboratorium og meteorologisk stasjon (sidan 1952). Radio LRA Arcángel, skule #38 Julio A. Roca (sidan 1978), turistfasilitetar.
- Jubany, (62°14′S 58°40′W / 62.233°S 58.667°W) Vitskapleg stasjon på King George Island
- Marambio-basen Station, (64°14′S 56°37′W / 64.233°S 56.617°W) Seymour-Marambio Island. Laboratorium, meteorologisk stasjon, 1,2 km lang, 30 brei rullebane (sidan 1969) (website)
- Orcadas-basen (60°44′S 44°44′W / 60.733°S 44.733°W) Orcadas Islands (sidan 1903)
- San Martín-basen (68°08′S 67°06′W / 68.133°S 67.100°W) (sidan 1951) Laboratorium og meteorologiske målingar
Sesongbaserte
endre- Teniente Camara-basen (1957) 62°02′S 58°42′W / 62.033°S 58.700°W, Livingston Island
- Base Deception (1948) 62°52′S 60°43′W / 62.867°S 60.717°W, Deception Island
- Petrel Air Station (1967) 63°28′S 56°17′W / 63.467°S 56.283°W Dundee Island
- Base Primavera (1977) 64°09′S 60°57′W / 64.150°S 60.950°W, Alexander Island
- Base Melchior(1947) 64°20′S 62°59′W / 64.333°S 62.983°W Anvers Island
- Almirante Brown-basen(1951) 64°53′S 62°53′W / 64.883°S 62.883°W, Paradise Bay
- Teniente Matienzo Base (1961) 64°58′S 60°04′W / 64.967°S 60.067°W, Larsen Nunatak
Leirar og anna
endre(64 i alt)
- Base Alférez de Navío Sobral (1965) 81°05′S 40°00′W / 81.083°S 40.000°W, Edith Ronne Land
- Estación Científica Ellsworth (tidlegare amerikansk) (1958) 77°45′S 41°00′W / 77.750°S 41.000°W, Weddellhavet
- Base Gurruchaga 62°15′S 59°00′W / 62.250°S 59.000°W, Nelson Island
- Campamento Científico Livingston 62°39′22″S 61°00′39″W / 62.65611°S 61.01083°W, Byers Peninsula, Livingston Island
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Argentine Antarctica» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Menutti, Adela; Menutti, María (1980). Geografía Argentina y Universal (på spansk). Buenos Aires: Edil.
- ↑ Beck, Peter J. (1986). The international politics of Antarctica. Routledge. s. 119. ISBN 0-7099-3239-1.
- ↑ Censo 2010: en la Antártida viven 230 personas, 9 familias y 16 niños
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Argentinske basar Arkivert 2005-09-14 ved Wayback Machine.
- Marambio-basen (spansk/engelsk)
- Dirección Nacional del Antártico: Bases
- Historia til Argentinsk Antarktis Arkivert 2008-01-17 ved Wayback Machine. (spansk)