Asterisk
Asterisk (*, Unicode U-066D) er eit typografisk symbol. Namnet kjem av gresk ἀστερίσκος (asterískos) og tyder lita stjerne.
* |
---|
apostrof ( ' ) ( ’ ) Fordelingsmellomrom Parentesar |
Ein brukar teiknet * (asterisk) i overkant av ei tekstline for å markere at ein viser til ein fotnote.
Innan språkhistorie vert teiknet * (asterisk) framom eit ord eller uttrykk bruka for å markere at forma er konstruert, men ikkje påvist.
Innan språkvitskapen vert teiknet * (asterisk) brukt for å vise at eit ledd eller ein setning er ugrammatisk.
I programmeringsspråk og i rekneark vert * (asterisk) bruka som multiplikasjonsteikn (gongeteikn).