Bekkenbotnen er ei samling musklar nedst i bekkenet. Det har som føremål å halda opp dei indre organa. Bekkenbotnmuskulaturen består av musculus levator ani og musculus coccygeus. M. levator ani er stor og vifteforma, og består i sin tur av musculus iliococcygeus, musculus pubococcygeus og musculus puborectalis. Han ligg som ei trakt rundt endetarmsopningen.[2]

Bekkenbotn

Detaljar
Latindiaphragma pelvis
Sakralnerver 3-4[1]
Klassifikasjonar og ressursar
TAA04.5.04.001
FMA19726
Anatomisk terminologi

Muskulaturen i bekkenbotnen tener til å lyfta og dermed auka intrapelvisk og intraabdominalt trykk. Dette har ein fysiologisk funksjon ved tvinga anding, hoste, nysing, brekking, urinering, defekasjon og fødsel.

Kjelder

endre
  1. part_6/chapter_37.html#chpt_37_innervation_diaphragm: Basic Human Anatomy at Dartmouth Medical School
  2. Holck, Per (20. juli 2019). «bekkenet». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  NODES