Bielsjøen
Bielsjøen (tysk Bielersee, fransk Lac de Bienne) er ein innsjø i og mellom kantonane Neuchâtel og Bern i det vestlege Sveits. Han har eit areal på 39,3 km². Innsjøen er 15 km lang og 4,3 km på det breiaste. Bielsjøen ligg 429 meter over havet, og er 74 meter på det djupaste.
Bielsjøen | |||
Biennesjøen | |||
innsjø | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 8 305 km² | ||
Opphaldstid | 58 dagar | ||
Høgd over havet | 429 moh. | ||
Lengd | 15 km | ||
Areal | 39,3 km² | ||
Største djupn | 74 m | ||
Volum | 1,12 km³ | ||
Koordinatar | 47°5′N 7°10′E / 47.083°N 7.167°E | ||
Øyar | St. Petersinsel | ||
Byar | Biel/Bienne | ||
Bielsjøen 47°05′08″N 7°10′27″E / 47.085555555556°N 7.1741666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Biel |
Bielsjøen har eit tilsigsfelt på 8 305 km². Elva Aare er største tilløp og avløp for innsjøen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bielersee» frå Wikipedia på tysk, den 14. august 2011.