Bizkaia
Bizkaia (spansk Vizcaya) er ein provins nord i Spania i den autonome regionen Baskarland.
Provinsen har kring 1,1 millionar innbyggjarar, og om lag ein tredjedel bur i provinshovudstaden Bilbao og nesten 90 % i storbyområdet kring hovudstaden.
Andre byar i provinsen er Barakaldo, Getxo, Portugalete, Durango, Basauri, Galdakao og Balmaseda. Provinsen har 111 kommunar.
Bizkaia grensar til provinsane Cantabria og Burgos i vest, Guipúzcoa i aust og Álava i sør. I nord ligg Biscayabukta. Orduña (Urduña) er ein eksklave som høyrer til Bizkaia mellom provinsane Alava og Burgos.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Biscay» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.