Bjørkeslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Bjørk)

Bjørkeslekta (Betula) er ei planteslekt i bjørkefamilien. Slekta har om lag 60 artar. Nokre av desse er vanlege lauvtre i Noreg, der ein finn artar som dvergbjørk, dunbjørk og hengebjørk.

Bjørk
Utbreiing
Utbreiinga av bjørk
Utbreiinga av bjørk
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Bøkeordenen Fagales
Familie: Bjørkefamilien Betulaceae
Underfamilie: Betuloideae
Slekt: Bjørk Betula
L., 1753
Bjørkeblad

Skildring

endre

Artar i bjørkeslekta veks gjerne til små tre eller buskvekstar i temperert klima. Ulike artar dannar lett hybridar, og det finst mange ulike mellomformer.

Vanleg bjørk blir typisk 3-15 m høg, medan hengebjørk kan bli opptil 30 m høg. Fleire typar kan ha delvis kvit bork.

Blada er middels til lysegrøne, og vert gule om hausten før dei fell av. Blomane sit i rakler. Allergi mot bjørkepollen er vanleg.

 
 
Ein bjørkestamme dominerer i «Våren», måla av Carl Larsson i 1907.

I Skandinavia blir nye skot hos bjørka gjerne sett på som eit teikn på våren, og det er vanleg å pynta med slike greiner på den norske grunnlovsdagen.

Som trevyrke

endre

Bjørkeved er middels tung, hard og seig blant tresortane i Noreg. Dei ulike bjørkesortane gjev temmeleg likt vyrke. Treet kan lett bli skada av fukt, og må vølast før det blir brukt utandørs. Vyrket er derimot godt eigna til å laga møbel, golv, finér og mindre ting av tre. Bjørk blir òg mykje brukt til å laga papirmasse og til fyringsved.

I matlaging

endre

Blada til bjørka kan nyttast som smaktilsetjing både ferske og tørka, og kan brukast blant anna på poteter. Lauvet, som inneheld ein særs høg konsentrasjon av glukose på våren kan då nyttast til å laga ein søtleg og smakfull te.

Mange legg bjørkepinnar nedst i gryta når dei dampkokar pinnekjøt.

Søtstoffet xylitol blir gjerne utvunne av bjørkeved.

Bjørkenever

endre

Never har vore det vanlege underlaget for torv til taktekking (torvtak). Never har og vore brukt som kapillærbrytande sjikt for å isolere mot fuktvandring i bygningskonstruksjonar, til innvendig isolasjon, og til mange slags bruksting, som lurar, buttar, kontar og øskjer. Bjørka inneheld stoffet betulin, som er bakteriehemmande og gjer at mjølkeprodukt held seg betre i kar av bjørk.

Bjørkebork, laget under den kvite nevra, har vore brukt til garving og til barking av fiskegarn.

Artar

endre
Bjørketypar frå Eurasia er mellom anna
Bjørker frå Nord-Amerika er mellom anna

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
chat 1
Idea 1
idea 1
Intern 1
os 19