Bjartmar Gjerde
Bjartmar Alv Gjerde (6. november 1931–28. november 2009) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart fødd på Larsnes i Sande på Sunnmøre.
Bjartmar Gjerde | |||
| |||
Fødd | 6. november 1931 Sande kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 28. november 2009 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, journalist | ||
Ektefelle | Anne Karin Hoel | ||
Alle verv |
|
Karriere
endreBjartmar Gjerde hadde ikkje formell utdanning ut over folkeskulen. 16 år gammal byrja han som journalist i Sunnmøre Arbeideravis. Seinare var han i mange år redaktør i AUF si avis Fritt slag, før han vart leiar for Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) frå 1958 til 1961. Han vart sjefssekretær i Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF) frå 1963, ei stilling han hadde til 1980. Frå 1971 hadde han stort sett permisjon, for å vere statsråd i fleire regjeringar:
Han var statsråd for Kyrkje- og undervisingsdepartementet i Trygve Bratteli si første regjering frå 17. mars 1971 til 18. oktober 1972 og i Trygve Bratteli si andre regjering frå 16. oktober 1973 til 15. januar 1976. Han hadde deretter to statsrådpostar i Odvar Nordli si regjering. Først i Industridepartementet frå 15. januar 1976 til 11. januar 1978, og deretter var han den første statsråden i det nyoppretta Olje- og energidepartementet frå 11. januar 1978 til 3. oktober 1980.
Han var kringkastingssjef i NRK frå 1981 til 1989. Frå 1989 til 1994 var han arbeidsdirektør.
Kjelder
endre- Jens Stoltenberg: «Småbrukersønnen som ble samfunnsbygger», minneord i Arbeiderpartiets medlemsavis Sammen, nr 10 - desember 2009.
- Regjeringen.no sitt register over statsrådar, vitja 4. januar 2010
- «Bjartmar Gjerde». Stortinget.no.