Boléro
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå bolero.
Boléro er eit orkesterstykke av Maurice Ravel (1875–1937). Det vart opphavleg komponert som ein ballett tinga av den russiske skodespelarinna og dansarinna Ida Rubinstein. Stykket, som hadde premiere i 1928, er det mest kjende musikkstykket til Ravel.[1] Før Boléro hadde Ravel komponert storskala ballettar (som Daphnis et Chloé for Ballets Russes 1909–1912), suitar for ballett (som den andre orkesterversjonen av Ma mère l'oye, 1912), og dansestykke (som La valse, 1906–1920).
| |||
Tilverting | 1928 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Spansk bolero | ||
Utgitt | 1929 |
Boléro samanfattar arbeidet til Ravel med å gjenoppfinne dansesatsar. Det var òg eit av dei siste stykka han komponerte før sjukdom tvang han til å gje seg. Dei to pianokonsertane og songsyklusen Don Quichotte à Dulcinée var dei einaste han skreiv etter Boléro.
Komposisjon
endreVerket kom til då dansaren Ida Rubinstein spurte Ravel om å gjere ein orkestertranskripsjon av seks stykke frå Isaac Albéniz sine pianostykke kalla Iberia.[2] Medan han arbeidde med transkripsjonen, fekk Ravel vite at satsane alt var orkestrert av den spanske dirigenten Enrique Arbós, og at opphavsretten forbaud andre arrangement.[2] Då Arbós høyrte om dette sa han at han med glede ville la Ravel orkestrere stykket.[2] Men Ravel ombestemde seg og valde å orkestrere eit av sine tidlegare verk.[2] Han ombestemte seg igjen og valde å skrive eit heilt nytt stykke basert på musikkforma og den spanske dansen kalla bolero.[2] Då han var på ferie i St Jean-de-Luz sette Ravel seg ned ved pianoet og spelte ein melodi med ein finger for venen Gustave Samazeuilh og sa «Syns du ikkje dette temaet har ein innstendig kvalitet? Eg skal prøve å repetere det mange gonger utan noko utvikling, og gradvis auke orkesteret så godt eg kan».[2] Stykket vart opphavleg kalla Fandango, men tittelen vart etter kort tid endra til «Boléro».[2]
Stykket
endreBoléro, som går i C-dur, har ei enkel oppbygning. Stykket består av berre ein melodi og ein rytme som vert repetert om og om igjen, men med ulike orkestreringar. Verket byrjar veldig svakt, med ei skarptromme som spelar same rytme gjennom heile stykket. Melodien vert sidan spelt vekselvis av ulike instrument, tverrfløyte, klarinett, fagott, essklarinett, obo, trompet, saksofon, valthorn og så vidare. Akkompagnementet vert heile tida livlegare og sterkare til heile orkesteret speler med mot slutten. Seks takter frå slutten speler òg basstromme, cymbalar og tam-tam med, samtidig som trombonar speler kaotiske glissandotonar medan resten av orkesteret spelar rytmen til skarptomma. Boléro vert avslutta med ein akkord i C-dur.
Premiere og første framføringar
endreKomposisjonen vart ein sensasjon då han hadde premiere ved Paris Opéra den 22. november 1928, med koreografi av Bronislava Nijinska og design av Alexandre Benois. Orkesteret ved operaen vart dirigert av Walther Straram; Ernest Ansermet hadde opphavleg vorte leigd inn som dirigent for heile ballettsesongen, men musikarane nekta å spele for han.[3]
Boléro vart det mest kjende stykket til Ravel, noko som overraska komponisten, som hadde sett for seg at dei fleste orkestera ville nekte å spele det.[2] Det vert vanlegvis spelt som eit reint orkesterverk, sjeldan som ein ballett. I det som kan vere ei oppdikta historie, skal ei kvinne ha ropt under uroa som oppstod etter premieren at Ravel var galen. Då Ravel fekk høyre om dette skal han smilt og sagt at kvinna var den einaste som hadde forstått stykket.[4] Stykket vart først publisert av Paris-firmaet Durand i 1929. Arrangement av stykket vart laga for piano, både solo og duett, og Ravel sjølv arrangerte ein versjon for to piano som vart publisert i 1930.
Den første innspelinga vart gjort av Piero Coppola i Paris for The Gramophone Company den 8 januar 1930. Ravel var tilstades under innspelinga.[5] Dagen etter laga Ravel si eiga innspeling for Polydor, då han dirigerte Lamoureux Orchestra.[5] Same året vart det laga fleire innspelingar med Serge Koussevitzky med Boston Symphony Orchestra og Willem Mengelberg med Concertgebouw-orkesteret.[5]
Nordiske oppsetjingar av balletten
endreBalletten vart sett opp i København i 1934 med koreografi av H. Lander. I tida 1938-1939 var han på Stockholmsoperaen med Svend Åge Larsen som koreograf og dirigent. John Jon-And stod for dekor og kostyme.[6] I fredsåret 1945 var det oppsetjingar i både Oslo og Helsingfors.
Ettermæle
endreTilpassingar
endreDen afrikanske songaren Angélique Kidjo lagde ein vokalversjon av Boléro kalla «Lonlon», der nesten alle instrumenta vert sungen på mina-språket frå Benin. Det finst på det Grammy-vinnande albumet Djin Djin.
«Boléro» vert nytta som motmelodi i Rufus Wainwright-songen «Oh What A World», og delar av stykket dukka opp gjennom songen.
Den franske sigøynaren François (Canut) Reyes, medlem av the Gipsy Kings, syng ein spansk teksten til «Boléro» på det første soloalbumet sitt.
«Boléro» vart arrangert for gitar av Kotaro Oshio.
Nintendo-komponisten Koji Kondo planla å nytte Boléro som kjenningsmelodi for The Legend of Zelda, men vart tvungen til å endre dette då han fikk vite at opphavsretten ikkje var gått ut enno.[7]
Frank Zappa framførte ein del av stykket på det doble konsertalbumet The Best Band You Never Heard in Your Life i 1991.
Kjelder
endre- ↑ Orenstein (1991), s. 99
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Orenstein (1991), s. 98
- ↑ Mawer, s. 227
- ↑ Kavanaugh, Patrick (1996). Music of the Great Composers: A Listener's Guide to the Best of Classical Music. Grand Rapids, MI: Zondervan. s. 56. ISBN 0-310-20807-6.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Woodley, Ronald (2000). «Syle and practice in the early recordings». I Mawer, Deborah. The Cambridge Companion to Ravel. Cambridge University Press. s. 236–237. ISBN 0-521-64856-4.
- ↑ Kungliga teatern : repertoar 1773-1973 : opera, operett, sångspel : balett / uppgifterna sammanställda av K.G. Strömbeck och Sune Hofsten ; produktion: Klas Ralf, Stockholm 1974, Skrifter från Operan, 0282-6313 ; 1, s. 141. Libris 106704.
- ↑ «Zelda Exposed from 1UP.com». 1UP.com. 5 mars 2005. Arkivert frå originalen 16. oktober 2015. Henta 5 august 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Boléro» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lanford, Michael (2011). «Ravel and 'The Raven': The Realisation of an Inherited Aesthetic in Boléro.» Cambridge Quarterly 40(3), 243–265.
- Mawer, Deborah (2006). The Ballets of Maurice Ravel: Creation and Interpretation. Aldershot, England; Burlington, VT: Ashgate. ISBN 0-7546-3029-3.
- Orenstein, Arbie (1991). Ravel: Man and Musikar. New York: Dover Publications. ISBN 0-486-26633-8.
- Ravel, Maurice; Arbie Orenstein (2003). A Ravel Reader: Correspondence, Articles, Intervjus. Minneola, NY: Dover Publications. ISBN 0-486-43078-2.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Boléro» frå Wikipedia på svensk, den 30. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Boléro: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Bolero in Rock Arkivert 2014-05-16 ved Wayback Machine. – Ravel's Boléro Drumbeat in Rock Music Throughout the Decades
- Ivry, Benjamin (2000). «Maurice Ravel: a Life». New York: Welcome Rain. ISBN 1-56649-152-5. OCLC 44172900.