Brad Paisley
Brad Douglas Paisley (fødd 28. oktober 1972) er ein USA-amerikansk countrysongar og låtskrivar. Han byrja med debutalbumet sitt Who Needs Pictures i 1999, han har gjeve ut elleve studioalbum og eit album med julemusikk på Arista Nashville, som alle har selt til minst gullplate eller meir i USA.[1] Han har hatt 32 topp 10-singlar på den amerikanske Billboard Country Airplay-lista, der 19 av dei har nådd toppen av lista. han sette ny rekord i 2009 for flest singlar på rad som nådde toppen av denne lista, ti i alt.
Brad Paisley | |||
Paisley i Det kvite huset i 2009 | |||
Fødd | 28. oktober 1972 (52 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glen Dale i West Virginia i USA | ||
Fødenamn | Brad Douglas Paisley | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1998 | ||
Sjanger | Country | ||
Instrument |
| ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | Arista Nashville | ||
Verka som |
| ||
Gift med | Kimberly Williams-Paisley | ||
Prisar | Country Music Association Award for International Achievement, Country Music Association Award for International Achievement |
Paisley har seld over 11 millionar album og vunne tre Grammyprisar, 14 Academy of Country Music Awards, 14 Country Music Association Awards, og to American Music Awards. Han har òg blitt medlem av Grand Ole Opry.[2]
Diskografi
endre- Studioalbum
- Who Needs Pictures (1999)
- Part II (2001)
- Mud on the Tires (2003)
- Time Well Wasted (2005)
- Brad Paisley Christmas (2006)
- 5th Gear (2007)
- Play (2008)
- American Saturday Night (2009)
- This Is Country Music (2011)
- Wheelhouse (2013)
- Moonshine in the Trunk (2014)
- Love and War (2017)
Singlelåtar
endre- «We Danced» (2000)
- «I'm Gonna Miss Her (The Fishin' Song)» (2002, førsteplass på Billboard si countrysong-liste)[3]
- «Whiskey Lullaby» (med Alison Krauss, 2004)
Fjernsyn
endreÅr | Serie | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
2002 | According to Jim | Eddie | Sesong 2, episode 11: «The Brother-in-Law» |
2003 | Chad | Sesong 2, episode 13-14: «You Gotta Love Somebody (Two-part episode)» | |
King of the Hill | Chip (røyst) | «Livin' on Reds, Vitamin C and Propane» | |
2008–2018 | Country Music Association Awards | Seg sjølv / programleiar | Alongside Carrie Underwood |
2012 | South Park [4] | Gjestestjerne | «Cartman Finds Love» |
Nashville | Seg sjølv | 3 episodar | |
2013 | Late Night with Jimmy Fallon | Seg sjølv | |
2014 | Two and a Half Men | Derek | Gjesterolle: «Oh WALD-E Good Times Ahead» |
Annoying Orange | Lime with Cowboy Hat | Gjesterolle: «Limes»[5] | |
The Crazy Ones | Seg sjølv | Danny Chase Hates Brad Paisley | |
Rising Star | Expert | I lag med songarane Kesha og Ludacris, og programleiaren Josh Groban. | |
2015 | Repeat After Me | Seg sjølv | Episode 6 |
The Voice | Seg sjølv/Rådgjevar | Team Blake i utslagsrunden i sesong 9. | |
2018 | The Gong Show | Meddommar | I lag med Jason Sudeikis og Sharon Osbourne |
Hard Knocks | Seg sjølv | Kjendisgjest. Langvarig fan av Cleveland Browns | |
2019 | Americas Got Talent | Seg sjølv/Gjestedomar |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brad Paisley» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1] Arkivert 12. desember 2013 ved Wayback Machine.
- ↑ «Brad Paisley Biography». The Ellen DeGeneres Show. Arkivert frå originalen 27. oktober 2014. Henta 8. november 2020.
- ↑ «Brad Paisley Chart History - Country Songs». Billboard. Henta 23. november 2021.
- ↑ Lewis, Randy (25. april 2012). Brad Paisley guest stars on 'South Park' tonight. Los Angeles Times. 25. april 2012
- ↑ «Annoying Orange - Limes (ft. Brad Paisley) - YouTube». youtube.com.