Musfuglfamilien

(Omdirigert frå Coliiformes)

Musfuglar er ei lita gruppe fuglar som ikkje står nært andre grupper, men det kan vere dei står nærare papegøyar enn andre. Musfuglar har derfor fått status som ein orden Coliiformes. I tillegg er gruppa ein familie Coliidae. Distribusjonen er avgrensa til Afrika sør for Sahara, og Coliiformes er einaste ordenen som berre finst på dette kontinentet. I forhistorisk tid hadde dei større utbreiing i og vart tilsynelatande utvikla frå Europa.

Musfuglfamilien
Brunmusfugl, Colius striatus Illustarsjon Joseph Smit, 1886
Brunmusfugl, Colius striatus
Illustarsjon Joseph Smit, 1886
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Coliiformes
Familie: Musfuglfamilien Coliidae
Swainson, 1837

Skildring

endre
 
Brunmusfugl, Colius striatus
Foto: Dick Daniels

Dei er slanke, grålege eller brunlege fuglar med mjuke, hårliknande kroppsfjør. Musfuglar har vanlegvis rundt 10 centimeter kroppslengd, med ein lang og tynn hale på ytterlegare 20-24 centimeter. Vekta kan vere 45-55 gram. Dei beitar i skog og søkjer gjennom lauvverk som gnagarar på jakt etter bær, frukt og knoppar. Denne vanen saman utsjånaden på beina, gjev namn på gruppa. Dei er akrobatiske, og kan hengje opp ned når dei et. Alle artar har sterke klør og reversible ytre tær. Dei har også fjørtopp og kraftig nebb.

Musfuglar er sosiale og lever i flokkar på om lag tjue i terreng med tynnvaksen skog.

Desse fuglane byggjer koppforma reir i tre, reira er laga av kvistar med ei kantlinje av gras. Kvart kull er på 2-4 egg. Ungane er ganske utvikla ved klekking og forlèt reiret tidleg for å trene til flying.

Artar

endre
 
Blånakkemusfugl, Urocolius macrourus
Foto: Doug Janson

Musfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Colius

  • Brunmusfugl, Colius striatus, Speckled Mousebird, LC, Gmelin, 1789
  • Kvitkronemusfugl, Colius leucocephalus, White-headed Mousebird, LC, Reichenow, 1879
  • Raudryggmusfugl, Colius castanotus, Red-backed Mousebird, LC, Verreaux & Verreaux, 1855
  • Kvitryggmusfugl, Colius colius, White-backed Mousebird, LC, Linné, 1766

Slekt Urocolius

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  NODES
Done 1