Curaçao (uttale [kura'são]) er ei mindre øy sør i det karibiske havet utanfor kysten av Venezuela. Ho er den største og mest folkerike av dei såkalla ABC-øyane (for Aruba, Bonaire og Curaçao). Fram til 10. oktober 2010 var ho ein del av Dei nederlandske Antillane, etter den datoen er ho eit eige autonomt land, underlagt det føderale monarkiet Kongeriket Nederlanda. Curaçao sin hovudstad er Willemstad.

Curaçao
Kòrsou
sjølvstyrt område
Flagg
Symbol
Land  Kongeriket Nederlanda
Del av Nederlandsk Karibia, ABC-øyane i Dei små Antillane, Karibia, Dei små Antillane, CAS countries
Areal 444 km²
Folketal 152 849 (2023)[1]
Språk papiamento, nederlandsk, spansk og engelsk
Kart
Curaçao
12°11′47″N 69°00′43″W / 12.1964°N 69.012°W / 12.1964; -69.012
Kart som viser Curaçao.
Kart som viser Curaçao.
Kart som viser Curaçao.
Wikimedia Commons: Curaçao

Curaçao er 444 kvadratkilometer stor. Befolkninga er oppgjeve til 150 000 innbyggarar i 2023.

Historisk har Curaçao vore viktig for utviklinga av den nederlandske kolonimakta og den var sentral i slavehandelen. I det 20. hundreåret utvikla øya også ein betydeleg petroleumsindustri, der olje blei frakta over frå Venezuela og raffinert på Curaçao av Royal Dutch Shell. I dag er turisme og offshore-verksemd viktige næringsvegar.

Arkitekturen er svært interessant og Willemstad er på UNESCO si verdsarvliste.

Curaçao er eit fleirspråkleg samfunn, der det blir snakka papiamento, nederlandsk, spansk og engelsk. Papiamento er førstespråk for eit fleirtal av folket, men både engelsk og nederlandsk har i tillegg offisiell status som statleg språk. Her er ein språkstrid på øya om kva som bør vere førstespråk.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Curaçao
  NODES