Den greske sjølvstendekrigen


Den greske sjølvstendekrigen (18211829), òg kalla Den greske revolusjonen (gresk Ελληνική Επανάσταση Elliniki Epanastasi; osmansk يؤنان ئسياني Yunan İsyanı), var ein krig grekarane starta for å få tilbake sjølvstende for Hellas frå Det osmanske riket. Etter ein lang og blodig krig, og med hjelp frå Stormaktene, fekk Hellas endeleg sjølvstende i Konstantinopeltrakten i juli 1832. Grekarane vart dermed det første folket underlagt Det osmanske riket som fekk sjølvstende. Sjølvstendedagen 25. mars 1821 er Hellas sin nasjonaldag.

Den greske sjølvstendekrigen
Del av sjølvstendekrigar

Germanos velsignar revolusjonsflagget i Agia Lavra-klosteret. Oljemåleri av Theodoros Vryzakis frå 1865.
Dato 1821-1829
Stad Balkan (hovudsakleg Hellas) og Egearhavet
Resultat Gresk siger, opprettinga av Kongedømet Hellas
Partar
Hellas 1828-1970 og 1975-1978 Hellas
Storbritannia Storbritannia
Frankrike Frankrike
Det russiske keisardømet
Det osmanske riket (1453-1844) Det osmanske riket
Egypt 1805-1922 Egyptiske khedivater
Styrkar
100 000 grekarar 400 000 osmanarar
12 000 egyptarar
Tap
50 000 grekarar
181 britar, franskmenn og russarar
115 000 osmanarar
5 000 egyptarar

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
Done 1