Den muslimske verda
Den muslimske verda viser som regel til dei delane av verda der muslimar er i fleirtal. Det kan også visa til ein tenkt fellesskap av alle muslimar, kjend som umma.
Soge
endreIslam oppstod i Arabia på 600-talet, rundt byane Mekka og Medina i noverande Saudi-Arabia. Religionen spreidde seg raskt gjennom misjonering og erobring. Kalifat som Rashidun og omayyadane og seinare rike som dei mongolske, Mogul- og det ottomanske spreidde religionen raskt over store areal. Reisande muslimar, særleg sufiar, spreidde islam i Sør-Asia. Elles spreidde religionen seg gjerne langs handelsvegar, både i Sør/Søraust-Asia og Afrika sør for Sahara.
Ulike delar av den muslimske verda har likskapar, som Koranen, noko religiøs organisering og kultur påverka av muslimske, ofte også arabiske tradisjonar. Det finst også ei rekkje ulikskapar. Ho er skarpt delt mellom sunni- og sjia-muslimar, som igjen har underinndelingar. Innan sunni-islam finst til dømes dei fire ortodokse lovskulene hanafi, shafi, maliki og hanbali. Fleire av dei muslimske landa har sjariainspirert lovverk, men har ulike tolkingar av dei muslimske lovtradisjonane.
Land og område
endreIslam er sterkt til stades og offisielt anerkjend i dei følgjande landa og områda:
- Landa på Den arabiske halvøya: Saudi-Arabia, Hemen, Oman, Dei sameinte arabiske emirata, Kuwait
- Andre land i Vest-Asia: Irak, Iran, Libanon, Syria, Jordan
- Afrikas Horn: Somalia, Somaliland (de facto-stat), Eritrea, Etiopia, Djibouti og Sudan
- Nord-Afrika: Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt
- Vest-Afrika: Mali, Senegal, Gambia, Guinea, Guinea-Bissau, Burkina Faso, Sierra Leone, Niger og Nigeria
- Land i Sentral-Asia: Afghanistan, Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan, Usbekistan
- Aust-Asia: Delar av Kina (Xinjiang, Ningxia og Qinghai)
- Land i Sør-Asia og Indiahavet: Pakistan, Bangladesh, Komorane, Maldivane. India har også ein stor muslimsk minoritet.
- Land i Søraust-Asia: Indonesia, Brunei og Malaysia
- Sør-Europa: Albania, Bosnia og Herzegovina, Kosovo, Nord-Kypros og Tyrkia
- Aust-Europa: Delar av Russland (Nord-Kaukasus med Karatsjajevo-Tsjerkessia, Kabardino-Balkaria, Tatarstan, Basjkiria, Ingusjetia, Tsjetsjenia og Dagestan og Idel-Ural) og Ukraina (særleg Krimhalvøya)
Organisasjonar
endrePå 1960- og 1970-talet blei det grunnlagd fleire internasjonale organisasjonar for islam, som Det islamske verdsforbundet (arab. Rabitat al-alam al-islami) og Organization of the Islamic Conference (OIC).
Motsetningar
endreDen muslimske verda kom i konflikt med den (europeisk) kristne gjennom krosstoga på 1000–1200-talet. I moderne tid set ein ofte opp eit motsettingstilhøve mellom «den muslimske» og «den vestlege verda».
Kjelder
endre- Kari Vogt, «islam» i Store norske leksikon
- Delar av denne artikkelen bygger på «Muslim World» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2010.