Omajademoskeen i Aleppo

(Omdirigert frå Den store moskeen i Aleppo)

Den store moskeen eller Omajademoskeen i Aleppo er den største og eldste moskeen i Aleppo i Syria. Han ligg i gamlebyen i Aleppo som er ført inn på UNESCO si liste over verdsarv.

Omajademoskeen i Aleppo.
Minareten som no er felt.

Omajademoskeen blei først bygd tidleg på 700-talet. Den noverande bygningen blei reist frå 1000- til 1300-talet. Minareten stod ferdig i 1090. I oktober 2012 blei Omajademoskeen råka under kamphandlingar i den syriske borgarkrigen. Under nye kamphandlingar i april 2013 blei minareten frå 1090 råka av ein granat og rasert.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Omajademoskeen i Aleppo
  NODES
Done 1