Dialogue (Part I & II)

Dialogue (Part I & II)
Singel av Chicago
frå albumet Chicago V
B-side

«Now That You've Gone»

Utgjeve Oktober 1972
Innspelt September 1971
Sjanger Funkrock, poprock
Lengd 5:00 (singel), 2:56 (Part I), 4:13 (Part II), 7:11 (Part I & II album)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Robert Lamm
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi 
«Saturday in the Park»
(1972)
Dialogue (Part I & II) «Feelin' Stronger Every Day»
(1973)


«Dialogue» er ein song skriven av Robert Lamm for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Chicago V (1972). På albumet er songen over sju minuttar lang og delt inn i to delar. Ein redigert versjon av songen vart gjeven ut som singel i oktober 1972 og denne nådde 24. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[1]

I den første delen av songen er teksten ein dialog mellom to unge folk med forskjellig syn. Den første personen (sungen av Terry Kath) er særs uroa over hendingar tidleg i 1970-åra, som krig, svelt og undertrykking. Den andre personen (sungen av Peter Cetera) meiner at «alt er bra.» Musikalsk er songen òg ein dialog mellom rytmegitaren til Kath og bassen til Ceterea. Etter kvart som del éin går mot slutten, vert personen til Kath samd med den andre, meir positive personen.

Part II har ein meir optimistisk tekst sungen av heile bandet.

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. «Chicago Awards». Allmusic. Henta 17. oktober 2015. 
  NODES