Drammenselva
Drammenselva er namnet på elva som dannar nedre del av Drammensvassdraget. Elva renn frå Tyrifjorden ved Vikersund til ho møter havet inst i Drammensfjorden i Drammen. Elva har ei vassføring på om lag 300 m³/s.
Drammenselva | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Drammen, Modum, Øvre Eiker | ||
Drammenselva 60°00′39″N 10°02′34″E / 60.010833333333°N 10.042777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Drammenselva |
Drammenselva er kjend som lakseelv frå Drammen og opp til Hellefossen ved Hokksund. Laksefisket varer fram til 1. november.
Historie
endreTidlegare var Drammensvassdraget kjend for stor treforedlingsindustri med fleire papir- og treforedlingsbedrifter langs elva frå Vestfossen til Drammen.
Bakgrunnsstoff
endre Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.