Edvard Munch
- Denne artikkelen handlar om kunstmålaren. For andre personar med same namnet, sjå Edvard Munch (fleirtyding).
Treng oppdatering (2023) |
Edvard Munch (12. desember 1863–23. januar 1944) var ein norsk kunstmålar, grafikar og ein av dei tidlege representantane for ekspresjonismen. Den intense og stemningsfulle måten han skildra psykisk liding på hadde mykje innverknad på utviklinga av tysk ekspresjonisme tidleg på 1900-talet.[1][2]
Edvard Munch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. desember 1863 Ådalsbruk |
Død | |
Yrke | kunstmålar, grafikar, grafikar, teiknar, bygningstegner |
Språk | norsk |
Sjanger | portrett, ekspresjonisme, sjangermåleri, landskapsmåleri, sjølvportrett |
Medlem av | Berlin-secesjonen |
Far | Christian Munch |
Mor | Laura Cathrine Munch |
Edvard Munch på Commons |
Edvard Munch er den einaste norske kunstmålaren som er kjend og verdsett verda over. Det internasjonalt mest kjende måleriet hans er truleg Skrik. Verk av Munch er å sjå i mange internasjonale kunstgalleri som i New York, Göteborg og København.[3] I Oslo er sentrale verk å sjå på det kommunale Munch-museet, på det statlege Nasjonalmuseet og som veggmåleri i aulaen i Domus Media (tilhøyrande Universitetet i Oslo) ved Karl Johans gate. I Bergen er verk som vert rekna blant dei beste som Munch har skapt, å sjå i Bergen kunstmuseum.
Liv og virke
endreMunch vart fødd på Løten i Hedmark fylke, men voks opp i Kristiania.
På 70-årsdagen sin i 1933 vart Munch tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
Testamentarisk gåve
endreEdvard Munch testamenterte til Oslo kommune ei gåve som femna om lag 1 100 måleri, 15 500 grafiske blad med 700 ulike motiv, 4 700 teikningar og seks skulpturar. I tillegg kom nesten 500 trykkplater, 2 240 bøker, notatbøker, dokument, fotografi, verktøy, rekvisita og møblar. Denne gåva danna hovudstamma i den samlinga av Munchs verk som Munch-museet i Oslo rår over.
Måleri
endre-
Inger (1889)
-
Skrik (1893)
-
Månelys (1895)
-
Jente (1901)
Kjelder
endre- ↑ Watson, G.F. (19. januar 2023). «Edvard Munch». Britannica. Henta 2. februar 2023.
- ↑ Frederiksen, Finn Terman (16. desember 2020). «Edvard Munch». Den Store Danske i lex.dk. Henta 2. februar 2023.
- ↑ Kirkholt, Tore (27. desember 2021). «Edvard Munch». Store norske leksikon i snl.no. Henta 2. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Oversyn over galleri og musé med Munch-bilete
- Evdavrd Munch i Digitaltmuseum.
- Munchmuseet i OsloDenne kunstartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.