Effekt
I fysikken er effekt (symbol: P) definert som mengda arbeid utført per tidseining. Effekt vert målt i den SI-avleia eininga watt med symbol W. Éin watt svarar til å omsetje eller forbruke éin joule per sekund.
Medan watt uttrykker arbeid per sekund, uttrykker kWh/h arbeid per time, eit uttrykk som vert nytta innan energiproduksjon.
Sidan éin joule svarar til eit arbeid lik det å skyve med ei kraft av 1 Newton over ein avstand av 1 meter, vil ein effekt på 1 watt kunne skuva ein lekam med ei kraft av 1 Newton med ein snøggleik på 1 meter per sekund. Dette svarar til å heise ca. 102 gram 1 meter oppover per sekund ved jordoverflata.
Ei eldre måleining for effekt som framleis er i bruk er hestekraft, som er lik 735,49875 watt, eller å heise 75 kg ein meter opp per sekund. Ein kW tilsvarar 1,36 hestekraft.
Samanhengen mellom fysiske parametrar
endreTurtal og dreiemoment
endreSamanhengen mellom effekt, turtal og dreiemoment er gjeven ved:
der
- er effekten
- er dreiemoment i Newtonmeter og
- er omdreiingsfarten i radianar per sekund.
Ei omdreiing er 2 radianar. Har ein til dømes gjeve at ein motor yter 100 Nm ved 6000 omdreiingar per minutt er effekten såleis
- 100 (6000/60)( = ca 63 Kilowatt
Kraft og snøggleik
endreSamanhengen mellom effekt, kraft og snøggleik er gjeven ved:
der
- er snøggleik i meter per sekund og
- er kraft i Newton.
Visst ein skyv ein kjelke avgarde med ei kraft på 10 Newton med ein snøggleik på 2 meter per sekund yter ein ein effekt på 20 Watt. Føresetnaden her er at retninga på krafta ein skyv med er den same retninga som snøggleiken.
Arbeid og tid
endreSamanhengen mellom effekt, arbeid og tid er gitt ved
der
- er arbeid målt i Joule
- er tid i sekunder.
Dersom ein har utført eit arbeid på 20 Joule i løpet av 4 sekund har ein hatt ein gjennomsnittleg effekt på 5 Watt over dei 4 sekunda.
Elektrisk effekt
endreElektrisk effekt som vert omsett i ein komponent er gitt ved formelen:
der
- er effekten, målt i watt
- er spenninga (eller spenningsfallet) over komponenten, målt i volt
- er straumen, målt i ampere
Dersom ein forbruker 10 ampere (A) over eit spenningsfall på 230 volt er effekten 2 300 Watt. Når ein arbeider med vekselspenning og vekselstraum er effekta lik produktet av effektivverdiane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Effekt» frå Wikipedia på bokmål, den 15. august 2012.