Emirat
Emirat er ei politisk eining styrt av eit dynasti av herskarar med tittelen emir.[1] Desse er vanlege i den arabiske og muslimske verda, der til dømes Dei sameinte arabiske emirata er ein stat danna av sju emirat.
Ordsoge
endreEmirat eller amirat (إمارة imārah, plural: إمارات imārāt) kan visa til stillinga eller myndeområdet til ein emir (prins, kommandan, guvernør o.l.). I[2]
Som monarki
endreDei sameinte arabiske emirata er ein føderal stat sett saman av sju emirat som kvar blir styrt av ein arve-emir. Saman dannar desse ei valkollegium for presidenten og statsministeren i landet. Elles har dei fleste emirata anten forsvunne, blitt del av ein større moderne stat eller endra tittelen til herskarane sine, til dømes til malik (arabisk for 'konge') eller sultan, så denne typen emirat er no svært sjeldan.
Som provinsar
endrePå arabisk kan omgrepet generaliserast til å visa til ein kvar provins i eit land som er styrt av eit medlem av herskarklassen, særleg eit medlem av kongefamilien (vanlegvis med tittelen «emir») som i regionar i Saudi-Arabia.
Noverande emirat
endreNoverande sjølvstendige emirat:
- Kuwait (også kalla Staten Kuwait), emirat sidan 1961
- Qatar (også kalla Staten Qatar), emirat sidan 1971
- Dei sameinte arabiske emirata, sameint sidan 1971
- Emiratet Abu Dhabi
- Emiratet Ajman
- Emiratet Dubai
- Emiratet Fujairah
- Emiratet Ras Al Khaimah (blei med i føderasjonen i februar 1972)
- Emiratet Sharjah
- Emiratet Umm Al Quwain
Tidlegare og tradisjonelle emirat
endreEmirat som anten har opphøyrd å eksistera, ikkje er anerkjende eller ikkje har noka reell makt, eller som er blitt del av større statar og haldne ved hevd som «tradisjonelle statar», ordna etter stat og tida den fyrste leiaren blei kalla «emir».
Afrika
endreGhana
endre- Zabarma-emiratet, nordaustlege Ghana, 1860-talet-1897
Niger
endre- Say-emiratet, sørvestlege Niger, 1800-talet- (integrert)
Nigeria
endre- Fika-emiratet, nordaustlege Nigeria 1400-talet– (integrert)
- Gwandu-emiratet, nordvestlege Nigeria 1400-talet til 2005 (integrert og så avsett)
- Kebbi-emiratet, nordvestlege Nigeria 1516– (integrert)
- Borgu-emiratet, vestsentrale Nigeria, danna frå Bussa-emiratet 1730–1954 og Kaiama-emiratet 1912–54, sameint 1954– (integrert)
- Gumel-emiratet, nordsentrale Nigeria 1749– (integrert)
- Yauri-emiratet, nordvestlege Nigeria 1799– (integrert)
- Gombe-emiratet, nordaustlege Nigeria 1804– (integrert)
- Kano-emiratet, nordsentrale Nigeria 1805– (integrert)
- Bauchi-emiratet, nordaustlege Nigeria 1805– (integrert)
- Daura-emiratet, nordsentrale Nigeria tidvis frå 1805– (integrert)
- Katagum-emiratet, nordsentrale Nigeria 1807– (integrert)
- Zaria-emiratet, nordsentrale Nigeria 1808– (integrert)
- Potiskum-emiratet, nordaustlege Nigeria 1809– (integrert)
- Adamawa-emiratet, Aust-Nigeria og tidlegare inn i vestlege Kamerun 1809– (integrert where preserved)
- Ilorin-emiratet, sørvestlege Nigeria 1817– (integrert)
- Muri-emiratet, austsentrale Nigeria 1817– (integrert)
- Kazaure-emiratet, nordsentrale Nigeria 1819– (integrert)
- Lapai-emiratet, sentrale Nigeria 1825– (integrert)
- Suleja-emiratet, sentrale Nigeria 1828– (integrert)
- Agaie-emiratet, vestsentrale Nigeria 1832– (integrert)
- Bida-emiratet, vestsentrale Nigeria 1856– (integrert)
- Kontagora-emiratet, nordsentrale Nigeria, 1858– (integrert)
- Borno-emiratet, nordaustlege Nigeria 1900– (integrert)
- Dikwa-emiratet, nordaustlege Nigeria 1901– (integrert)
- Biu-emiratet, nordaustlege Nigeria 1920– (integrert)
Nord-Afrika
endre- Emiratet Nekor, Rif-regionen i dagens Marokko 710–1019
- Emiratet Ifriqiya, Aghlabide-Ifriqiya innanfor dagens Tunisia, Algerie, Sicilia, Marokko og Libya 800–909
- Emiratet Tunis, Hafsid Ifriqiya innanfor dagens Tunisia, Algerie og Libya 1229–1574
- Zab-emiratet, dagens Algerie cirka 1400 (kortliva)
- Emiratet Trarza, dagens Sørvest-Mauritania 1640s–1910s
- Emiratet Harar, dagens Etiopia 1647–1887
- Emiratet Cyrenaica, dagens Aust-Libya 1949–1951 (blei til Kongedømet Libya)
-
Ifriqiya under hafsidane
-
Trarza (oppe til venstre)
-
Cyrenaica i Libya
Asia
endreArabia
endre- Uyunid-emiratet, Den arabiske halvøya 1076–1253
- Emiratet Beihan, dagens sørlege Jemen 1680–1967
- Emiratet Diriyah, hovudsakleg i dagens Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata 1744–1818
- Emiratet Nejd, Aust-Arabia 1818–91
- Emiratet Dhala, dagens sørlege Jemen, tidleg 1800-talet til 1967
- Emiratet Jabal Shammar, nord-sentrale Arabia 1836–1921
- Emiratet Nejd og Hasa, sentrale Arabia 1902–21
- Idrisid Emiratet Asir, Jizan i dagens sørvestlege Saudi-Arabia 1906–34
- Emiratet Mekka, Hejaz i dagens Saudi-Arabia 1916–24 (ibn Saud-familien, frå han blei anerkjend av dei allierte som emir til kongetittelen blei endra)
- Emiratet Bahrain, 1971–2002 (før var det styrt av ein hakim; seinare av ein malik)
- Al-Qaida-emiratet i Jemen i det indre av Jemen, knytt til Al-Qaida på den arabiske halvøya (særleg i Hadramaut guvernement)
- Emirat i Saudi-Arabia, dei tretten provinsane i Saudi-Arabia
-
Beihan og Dhala i Sør-Arabia
-
Diriyah
-
Nejd
-
Jabal Shammar
-
Asir på sitt største
-
Bahrain
-
Saudiarabiske emirat
Sentral- og Sør-Asia
endre- Emiratet Bukhara, dagens Usbekistan 1785–1920
- Emiratet Afghanistan, Afghanistan 1823–1929
- Khotan-emiratet, 1933 Nordvest-Kina, gjekk inn i Den fyrste aust-turkestanske republikken
- Det islamske emiratet Afghanistan, Taliban-staten i Afghanistan 1996–2001
- Det islamske emiratet Waziristan, vestlege Pakistan 2004–2014 (oppløyst)
-
Bukhara
-
Emiratet Afghanistan
-
Khotan i dagens Kina
-
Waziristan i Pakistan
Det nære Austen
endre- Emiratet Mosul, dagens Irak 905–1096, 1127–1222, 1254–1383, 1758–1918
- Emiratet Melitene, dagens sentrale Tyrkia, midten av 800-talet til 934
- Emiratet Amida, dagens Aust-Tyrkia 983–1085
- Karaman-emiratet, sør-sentrale Anatolia 1250–1487
- Emiratet Aydin, stat danna av Oghuz-tyrkarar i dagens Tyrkia frå tidleg 1300-tal til 1390
- Emiratet Dulkadir, dagens Aust-Tyrkia 1337–1522
- Emiratet Ramazan, dagens Aust-Tyrkia 1352–1608
- Timuride-emirata, riket til Timur Lenk og dei mindre emirata som var att etter at Timuridedynastiet fall, 1526-c.1550
- Soran-emiratet, dagens nordlege Irak 1816–35
- Az Zubayr, by i Basra guvernement i Irak på 1800-talet
- Emiratet Transjordan, dagens Jordan 1921–46
-
Det osmanske emiratet i 1300, merka som 'Osman'
-
Timuride-emiratet under Timur
-
Soran (i senteret)
-
Transjordan
Europa
endreKaukasus
endre- Emiratet Armenia, Kaukasus 637–884
- Emiratet Darband, Aserbajdsjan 869–1075
- Emiratet Tbilisi, dagens Georgia 736–1080, formelt til 1122
- Nord-Kaukasus-emiratet, Chechnya og Dagestan i Kaukasus 1919–1920
- Kaukasus-emiratet, Kaukasus 2007–no? (ikkje anerkjend)
-
Darband, Azerbaijan
-
Armenia
Iberia
endre- Emiratet Córdoba, dagens Spania og Portugal 756–929 (tittel endra til kalif i 929)
- Emiratet Badajoz, dagens Portugal og vestlege Spania 1009–1151
- Emiratet Almería, regionane Almería og Cartagena i dagens Spania tidvis i perioden 1013–1091
- Emiratet Jerez, byane Jerez de la Frontera og Arcos de la Frontera i dagens sørlege Spania 1145–1147
- Emiratet Granada, dagens sørlege Spania 1228–1492
-
Córdoba
-
Badajoz
-
Granada
Middelhavsregionen
endre- Emiratet Kreta på Kreta, dagens Hellas, 824 eller 827/828 to 961
- Emiratet Bari, byen Bari i sørlege Italia 847–871
- Emiratet Malta, 870–1091
- Emiratet Sicilia, Sicilia 965–1072
-
Kreta i dagens Hellas
-
Sicilia (botnen)
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «The definition of emirate». Dictionary.com.
- ↑ Wells, John C. (2008), Longman Pronunciation Dictionary (3. utg.), Longman, ISBN 9781405881180
- Denne artikkelen bygger på «Emirate» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2021.