Ententemaktene
Ententemaktene eller berre Ententen er ei nemning på dei landa som kjempa mot sentralmaktene under første verdskrig. Nemninga kjem av Entente cordiale (fransk for «hjarteleg avtale»), som var ei rad samarbeidsavtalar mellom Storbritannia og Frankrike inngått i 1904. Russland slutta seg til samarbeidet i 1906. Andre land slutta seg til ententemaktene i løpet av krigen.
Ententemaktene
endre- Belgia
- Frankrike
- Japan
- Russland Drog seg ut av krigen då kommunistane tok over makta med revolusjonen i 1917.
- Italia Gjekk over frå Sentralmaktene til Ententen i 1915.
- Storbritannia og det britiske imperiet
- USA - Kom inn i krigen etter at Tyskland torpederte skip (både sivile og militære) i Atlanterhavet
- Serbia
- Marokko
- Brasil - Kom inn i krigen etter at Tyskland torpederte sivile skip i Atlanterhavet
Sjå òg
endre- Dei allierte under den andre verdskrigen (Ententemaktene vert enkelte gonger òg kalla «dei allierte»)
- Trippelalliansen