Epitel, også kalla overflatevev, er eit vev som dekker dei fleste flatene i og på kroppen, i tillegg til at det dannar eksokrine og endokrine kjertlar. Det er særmerkt ved at cellene er tett samanknytte ved hjelp av cellekontaktar og at mellomcellesubstansen nesten er fråverande.

Klassifikasjon

endre
 
Ulike typar overflatevev.

Epitel er klassifisert etter form, laginndeling og enkelte andre spesielle eigenskapar:

  • Kjertelepitel og ikkje-kjertel-epitel
  • Plateepitel, kubisk epitel, sylinderepitel og overgangsepitel.
  • Einlaga (enkel), fleirlaga (stratifisert; lagdelt) og pseudostratifisert epitel.
  • Keratinisert og ciliert epitel.

Enkelte av kombinasjonane desse kategoriane antyder er ikkje faktisk eksisterande, men ikkje-kjertel-epitel omfattar

  1. Einlaga plateepitel (eng. simple squamous)
  2. Keratinisert, fleirlaga plateepitel
  3. Ukeratinisert, fleirlaga plateepitel (eng. stratified squamous)
  4. Einlaga kubisk epitel (eng. simple cuboidal)
  5. Fleirlaga kubisk epitel (eng. stratified cuboidal)
  6. Einlaga sylinderepitel (eng. simple columnar)
  7. Fleirlaga sylinderepitel
  8. Pseudofleirlaga sylinderepitel (eng. pseudostraified columnar)
  9. Overgangsepitel (eng. transitional)

I tillegg har me undertypar av epitel, som

  1. Endotelium (enkel plateepitel rundt blod- og lymfeårer)
  2. Germinal epitel (enkel kubisk epitel rundt blod- og lymfeårer)
  3. Respiratorisk epitel (ciliert, pseudolagdelt sylinderepitel)
  4. Endotel (enkel plateepitel rundt blod- og lymfeårer)
  5. Epidermis (keratinisert, lagdelt plateepitel; ytste delen av huda)
  6. Olfaktorisk epitel (pseudostratifisert sylinderepitel i nosa)
  7. Urotelium (overgangsepitel)

Sjå også

endre
  NODES
Done 1