Europarådet er ikkje knytt EU, og må ikkje bli forveksla med Rådet for Europaunionen og Det europeiske rådet, som begge er organ i EU.

Europarådet er ein internasjonal organisasjon med 46 medlemsstatar med 800 millionar innbyggjarar i og omkring Europa, i tillegg er fem asiatiske land tatt opp som medlemer: Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kypros og Tyrkia. Organisasjonen blei grunnlagt i London 5. mai 1949, og har sete i Strasbourg i Frankrike. Organisasjonen arbeider hovudsakleg med å fremje demokrati, menneskerettar og rettsstatsutvikling i medlemslanda.

Europarådet


Palais de l'Europe i Strasbourg.
Skipa5. mai 1949
DotterselskapDen europeiske menneskerettsdomstolen
LandFrankrike
Nettstadhttps://www.coe.int (engelsk)

Eit av dei viktigaste resultata til Europarådet er vedtaket av Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som dannar grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen. Rettspraksisen til domstolen har fått stor betydning for utviklinga av stillinga til menneskerettane i Europa, og den har tent som modell for menneskerettsdomstolar i andre delar av verda.

Europarådet vedtar både konvensjonar, anbefalingar (rekommendasjonar) og resolusjonar. Dei to offisielle språka til organisasjonen er engelsk og fransk. Den norske regjeringa legger årleg fram ei stortingsmelding om arbeidet i Europarådet. Sekretariatet i Europarådet har om lag 1 800 tilsette.

Bakgrunnsstoff

endre

«Europarådet» i Store norske leksikon, snl.no.

  NODES
INTERN 1