Eva
kvinnenamn
Eva er eit kvinnenamn. Namnet kjem av eit hebraisk namn frå Første Mosebok i Bibelen, Cawa. Namnet vart som omsett til Eva i den greske bibelomsetjinga (Septuaginta). Namnet kan koma frå det hebraiske omgrepet for liv, chai, men etymologien er uviss. I Bibelen går det fram at Eva var den første kvinna, slik Adam var den første mannen. Namnet Eva eller Evadotter kan nokre gonger verta bruka om alle kvinner.
- Bruk av namnet Eva i Noreg
- Over 20 000 kvinner har Eva som første førenamn.
- Over 9 500 kvinner har Eva som einaste førenamn.
Kjende namneberarar
endre- Den bibelske Eva
- Eva Nansen (1858-1907), norsk songarinne og kona til Fridtjof Nansen
- Eva Braun (1912-1945), kjærasten til Adolf Hitler
- Eva Scheer (1915-1999), norsk-jødisk forfattar
- Eva Kolstad (1918-1999), norsk politikar og kvinnesakskvinne
- Eva Peron (1919-1952), argentinsk skodespelar og presidentfrue, mest kjend som Evita
- Eva Knardal (1927-2006), norsk pianist
- Eva Joly (f. 1943), norskfødd fransk politikar
- Eva Lundgren (f. 1947), norsk sosiolog
- Eva Ström (f. 1947), svensk forfattar
- Eva M. Nielsen (f. 1950), norsk politikar
- Eva Marie Halvorsen (f. 1951), norsk lokalpolitikar
- Eva Jensen (f. 1955), norsk forfattar
- Eva Isaksen (f. 1956), norsk filmregissør
- Eva Elisabeth Marklund (f. 1962), svensk krimforfattar kjend som Liza Marklund
- Eva Cassidy (1963-1996), USA-amerikansk artist
- Eva Kristin Hansen (f. 1973), norsk politikar (Ap)
- Eva Weel Skram (f. 1985), norsk Idol-deltakar og frontfigur i Eva & the Heartmaker
- Eva Rivas (f. 1987), armensk songar og Eurovision-deltakar
I stadnamn
endre- Evaøya i Frans Josefs land nord for Russland er oppkalla etter Eva Nansen.