Den finske framhaldskrigen

(Omdirigert frå Finske framhaldskrigen)

Den finske framhaldskrigen vart utkjempa mellom Finland og Sovjetunionen under den andre verdskrigen. Framhald- viser til at krigen vart rekna for eit framhald av den finske vinterkrigen. På finsk er namnet jatkosota, på svensk finska fortsättningskriget eller berre fortsättningskriget. Krigen er rekna å ha vart frå sovjetiske bombeåtak den 25. juni 1941 til våpenstillstand den 4. september 1944 (på finsk side) og 5. september (på sovjetisk side). Storbritannia erklærte krig mot Finland den 6. desember 1941, men førte ikkje krig. I Sovjetunionen var krigen rekna som berre ein av frontane i den store fedrelandskrigen.

Den finske framhaldskrigen
Del av Andre verdskrigen

Finske infanterikkanonvogner
Dato 25. juni 1941 til 19. september 1944
Stad Finland
Resultat Sovjetisk siger
Partar
Finland
Tyskland
Italia
Sovjetunionen Sovjetunionen
Kommandantar
C.G.E. Mannerheim Kirill Meretskov,
Leonid Govorov
Styrkar
530 000 finnar
220 000 tyskarar
900 000 1 500 000 mann
Tap
58 715 finnar falne eller forsvunne
158 000 finnar såra
1500 sivile finnar drepne
200 000 falne eller forsvunne
385 000 såra
64 000 tilfangetekne
Kart over frontlinja mellom Finland og Sovjetunionen i 1941
Område avstått frå Finland til Sovjetunionen då krigen slutta.

Finland fekk stønad frå Tyskland i krigen, ettersom Tyskland på same tid invaderte Sovjetunionen. Etter våpenstillstanden med Sovjetunionen måtte Finland utkjempa Lapplandskrigen for å driva tyske styrkar ut av landet. Den finske framhaldskrigen vart formelt avslutta med Fredsavtalane i Paris av 1947.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
os 1