Flygefisken (frå latin Volans) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Stjernebildet var eit av dei tolv skapt av Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman mellom 1595 og 1597, og det blei for fyrste gongen publisert i Uranometria frå 1603, av Johann Bayer.

Flygefisken
Flygefisken
Flygefisken
Latinsk namn Volans
Forkorting Vol
Genitivsform Volantis
Symbologi Fyrst nytta av Bayer
Rektasensjon 8 h
Deklinasjon −70°
Areal 141 kvadratgrader
nr. 76 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne β Vol (3,77. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +15° og −90°

Stjerner

endre
BN Namn og andre katalogiseringar Mag. Lysår av gårde Kommentarar
β Beta Volantis 3,77 108
γ² Gamma-2 Volantis 3,78 142
ζ Zeta Volantis 3,93 134
δ Delta Volantis 3,97 660
α Alfa Volantis 4,00 124
ε Epsilon Volantis 4,35 642
θ Theta Volantis 5,19 239
η Eta Volantis 5,28 356
κ¹ Kappa-1 Volantis 5,33 393
ι Iota Volantis 5,41 558
κ² Kappa-2 Volantis 5,63 393
γ¹ Gamma-1 Volantis 5,68 142
HD 76700 8,13 195

Kjelder: The Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. og The Hipparcos Catalogue, ESA SP-1200

Djupromsobjekt

endre

Lindsay-Shapley-ringen, eller AM0644-741, er ein ringgalakse som ligg 300 millionar lysår frå jorda. Han er kalla opp etter oppdagarane. Lindsay-Shapley-ringen vart funnen nær Den store magellanske skya i 1960. Som Kjerrehjulgalaksen i Bilethoggaren, kjem den unvanlege forma på galaksen som følgje av ein kollisjon mange millionar år sidan. Den blå ringen, 150 000 lysår i diameter, vart forma då ei sjokkbølgje frå kollisjonen skapte ein ring av varme, blå stjerner. Den gule kjernen er ei samansmelting av kjernene til etterkomarane.[1] NGC 2442, er ein spiralgalakse, 50 millionar lysår frå jorda.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flygefisken
  NODES
mac 1
multimedia 1
os 2
visual 1