Frans Widerberg
Frans Widerberg (8. april 1934–7. april 2017)[1]var ein norsk kunstmålar og grafikar.
Frans Widerberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. april 1934 Oslo |
Død |
7. april 2017 (82 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar |
Born | Nico Widerberg |
Frantz Widerberg vart fødd i Oslo. Rundt 1971 forenkla han førenamnet til Frans. I 1951/52 fekk han utdanning i atelieret til Birger Moss Johansen, gammalonkelen sin. Sidan var han elev ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1953/55), Goldsmith's College School of Art, University of London (1955), Statens Kunstakademi (1957-60).
Han hadde si første separatutstilling i 1963 i Holst Halvorsens Kunsthandel, men målarkunst, akvarellar, teikningar, tresnitt og raderingar. Same året debuterte han på Høstutstillingen, med både målarkunst og grafikk. I 1965 vart han formann i Unge Kunstneres Samfund. I 1967 begynte han å arbeide med litografi, og dette vart sidan den viktigaste kunstnariske uttrykksforma hans.
Widerbergs kunst er karakterisert som nyfigurativ, prega av primærfargar, dvs raudt, gult og blått. Han blandar ikkje fargane med kvitt eller svart, men bruker dei som regel heilt reine og klåre. Typiske motiv hos Widerberg er hestar og ryttarar, innadvendte nakne par og svevande ekstatiske figurar.
Frants Widerberg gifta i 1960 med Aasa Brækka, som òg var elev ved Statens Kunstakademi. Han er far til kunstnaren Nico Widerberg.
Utmerkingar
endre- I 1997 vart Widerberg utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
- I 2000 vart han tildelt Anders Jahres kulturpris.
Kjelder
endre- ↑ Hanna Huglen Revheim (7. april 2017). «Kunstner Frans Widerberg er død». NRK. Henta 7. april 2017.
- Hans-Jakob Brun: Frans Widerberg Tanum-Norli 1978 ISBN 82-518-0694-1
- Kunstweb Arkivert 2007-05-27 ved Wayback Machine.