Fredrik V av Danmark-Noreg

Frederik V (31. mars 172314. januar 1766), av den oldenborgske slekta, var konge av Danmark-Noreg frå 1746 til 1766.

Frederik V

Konge av Danmark-Noreg
Regjeringstid17461766
Fødd31. mars 1723
FødestadKøbenhavns slott
Død14. januar 1766
DødsstadChristiansborg
GravstadRoskilde domkyrkje
Gift medLouise av Storbritannia, Juliane von Braunschweig-Wolfenbüttel
DynastiFyrstehuset Oldenburg
MottoVed forsigtighed og bestandighed.
FarKristian VI av Danmark-Noreg
MorSophie Magdalene av Danmark og Norge
BornSofia Magdalena av Danmark, Vilhelmine Caroline av Danmark, Kristian VII av Danmark-Noreg, Louise av Danmark, Arveprins Frederik, Christian av Danmark

Liv og virke

endre

Oppvekst

endre

Han var son av kong Christian VI og Sophie Magdalene av Brandenburg-Kulmbach. Mor hans kalla han «der dänische Prinz» (den danske prinsen). Nokre gonger tala han dansk i staden for tysk. Tysk var morsmålet. Han gifta han seg med Louise av Storbritannia den 10. november 1743 i Hannover. Bror til brura, hertugen av Cumberland, var til stades i staden for henne. Det "eigentlege" giftarmålet fann stad den 11. desember i København same år. Med dronninga fekk han fem born, mellom dei den seinare Christian VII. Like mange born fekk han med Madam Hansen. Else Hansen var den elskarinna han likte best. Etter at dronning Louise døydde i barsel i 1751, gifta han seg i 1752 i Fredensborg slottskyrkje med Juliane Marie av Braunschweig-Wolfenbuttel. Paret fekk berre ein son, Frederik, far til seinare kong Christian VIII av Danmark.

Trass at Frederik voks opp i ein strengt pietistisk heim, vart han ein livsnytar som elska kvinner og vin. Tida gjekk med til byrundar på vertshus og bordell. Faren, den strengt religiøse Christian VI, tenkte på å gjera han umyndig. Kongen sine alkoholproblem utvikla seg, så den røynlege makta låg i hendene på geheimerådet og overhoffmarskalken Adam Gottlob Moltke. Trass drukkenskapen og utskeiingane, nytte den livlege og livsglade kongen stor popularitet. I motsetnad til Christian VI snakka han dansk. Kunst og vitskap fekk gode høve, og offentlege teaterframsyningar vert tillatne.

Regjeringsperiode

endre

Frederik V si regjeringsperiode var prega av framgang for handel og den spirande industri, med krutverk og kanonstøyperi i Frederiksværk. Den første store danske industriverksemda vart oppført av Johan Frederik Classen. Krav om jordreform i Danmark vart ikkje imøtekome av Moltke, og bøndene merka ikkje noko til den økonomiske framgangen. I same tidsrom vart Det Kgl. Opfostringshus, Frederiks Hospital og Kunstakademiet oppretta i København. Han lét byggja bydelen Frederiksstaden med Amalienborg som knutepunkt. Dei fire palea i Amalienborg stod ferdige i 1760, medan Salys sin ryttarstatue av Frederik V kom i 1771. Kongen skulle ikkje sjølv bu i Frederikstaden. Han gav tomter med god plassering til viktige borgarar, mot at dei oppførte eit palé på tomta.

 
Frederik V ligg gravlagd i Roskilde domkyrkje.

I 1766 døydde Frederik V, berre 42 år gamal. Han vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje og etterfylgd av sonen Christian VII.

Han var gift med Louise av Storbritannia, saman fekk dei fire born:

  1. Sofia Magdalena av Danmark, fødd 1746, gift med Gustav III av Sverige.
  2. Karoline av Danmark, fødd 1747, gift med Wilhelm I av Hessen-Kassel.
  3. Christian VII, fødd 1749, gift med Caroline Mathilde av Danmark-Noreg.
  4. Louise av Danmark, fødd 1750, gift med Karl av Hessen-Kassel.

Seinare vart han gift med Juliane Marie av Braunschweig-Wolfenbüttel, saman fekk dei eitt barn:

  1. arveprins Frederik av Danmark, fødd 1753.
 
Frederik V, måla av Carl Gustaf Pilo.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fredrik V av Danmark-Noreg
  NODES
os 5