Fridom
tilstand der ein kan ta avgjerder etter eigen fri vilje
Fridom er ein tilstand der ein kan ta avgjerder etter eigen fri vilje. Fridom kan til dømes omfatta at ein er fri til å tru, tenka, seia eller gjera noko, og at ein kan velja kven ein vil vera saman med og kvar ein vil vera. Ein kan snakka om fridom i høve til eit individ, ei gruppe eller ein stat. Når fridom er sterkt avgrensa snakkar me om undertrykking eller slaveri.