Galina Tsjistjakova
Galina Tsjistjakova-Beskrovnaja (fødd 26. juli 1962) er ein tidlegare lengdehoppar og tresteghoppar frå Izmajil, sørvest i det noverande Ukraina. I størsteparten av karrieren sin tevla ho for Sovjetunionen. Galina Tsjistjakova held den gjeldande verdsrekorden i lengdehopp med 7,52 meter. Hennar personlege rekord i tresteg er på 14,76 meter.
Galina Tsjistjakova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland, Slovakia |
Fødd | 26. juli 1962 (62 år) Izmajil |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Karriere
endreGalina Tsjistjakova vann lengdehopptevlinga under innandørs-EM i Athen i 1985 med eit hopp på 7,02. Året etter vann ho sølv under EM i friidrett i Stuttgart. Tsjistjakova hoppa 7,09, men austtyske Heike Drechsler hoppa lengre. Den 11. juni 1988 deltok Tsjistjakova i ei tevling i Leningrad, der ho sette verdsrekord i lengdehopp med 7,52. Underleg nok fekk ho ikkje meir enn ein bronsemedalje under sommar-OL 1988 i Seoul seinare same året. Her hoppa ho 7,11 meter.
Tsjistjakova vann fleire medaljar i lengdehopp og tresteg under innandørs-meisterskap, inkludert ein gullmedalje frå innandørs-VM i Budapest i 1989. Etter ein kneoperasjon i 1990 fann ho aldri tilbake til toppformen sin. Fram til no hadde Tsjistjakova representert Sovjetunionen, men ho vart russisk statsborgar ved unionsoppløysinga før ho etter nokre år vart slovakisk statsborgar. I 1995 gjorde ho eit comeback, og representerte Slovakia under sommar-OL 1996 i Atlanta, men kvalifiserte seg ikkje til finalen korkje i lengdehopp eller tresteg. Ho er no busett i Slovakia saman med familien sin.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Galina Chistyakova» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Galina Tschistjakowa» frå Wikipedia på tysk, den 9. september 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Resultatliste frå iaaf.org
- «Galina Čisťakovová» (på engelsk). Olympedia. Henta 8. mars 2023.