Gausdal kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg
(Omdirigert frå Gausdal)

Gausdal kommune er ein kommune i Innlandet fylke. Han har grenser i nord til Sør-Fron, i nordaust til Ringebu, i aust til Øyer og Lillehammer, i sør til Nordre Land, og i sørvest til Nord-Aurdal og Øystre Slidre. Kommunevåpenet er ein trappeformasjon av sølv og blått og viser fjellformasjonar som er typiske i kommunen. Namnet Gausdal kjem frå norrønt: «Gausdalr», av elvenamnet Gausa som tyder «stri straum, foss».

Gausdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Segalstad bru
Areal 1 192 km²
 •  land 1 150 km²
 •  vatn 42 km²
Folketal 6 177  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Anette Musdalslien (Sp)
Kommunenr. 3441
Kart
Gausdal kommune
61°16′36″N 9°55′21″E / 61.276667°N 9.9225°E / 61.276667; 9.9225
Kart som viser Gausdal kommune.
Kart som viser Gausdal kommune.
Kart som viser Gausdal kommune.
Wikimedia Commons: Gausdal
Nettstad: www.gausdal.kommune.no

Administrasjonssenteret i kommunen er Segalstad bru med 1 053 innbyggjarar per 1. januar 2023 og størstedelen av busetnaden ligg innan ein 10 kilometer radius. I tillegg er det to andre tettstader: Follebu 1 210 innbyggjarar per 1. januar 2023 og Forset med 596 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Trevareindustri, landbruk og reiseliv er dei viktigaste næringane. På 1800-talet var det utvinning av nikkel i Espedalen.

Historie

endre

Gausdal formannskapsdistrikt vart skipa i 1838 med om lag same utstrekning som dagens kommune. I 1867 vart eit område med 40 heimehørande personar overførd frå Øyer. I 1879 vart gamle Gausdal herad delt i to einingar, Østre Gausdal med eit folketal på 3549 og Vestre Gausdal med 2362 innbygjarar. Administrasjonsstader var Segalstad bru i aust og Forset i vest. Den noverande Gausdal kommune vart skipa i 1962 då dei dei to einingane vart slegne ihop att. Det var då 3942 heimehørande i aust og 2590 i vest.

Skular og målstoda

endre

Kring 1900 hadde Østre Gausdal seks skulekrinsar og alle tok nynorsken i 1908, medan på 1920-talet gjekk to attende til bokmålet og to vart lagde ned. I 1939 fekk dei to bokmålskrinsane, og alle dei sju krinsane i Vestre Gausdal nynorsk, såleis at målbrigde var fullenda i både herada. Stoda heldt seg ikkje lenge, allereie i 1961 gjekk dei same to krinsane i aust atter attende til bokmålet, saman med alle utan ein krins i vest. Seinare har to av dei tre siste nynorskskulane vorte lagde ned, såleis at det i 2012 berre er ein grendaskule, Engjom, attende som i namnet har nynorsk som hovudmål. I røynda er det diverre berre 4 av 54 elevar som held på målet. Dei andre skulane i kommunen er Fjerdum, Follebu og Forset barneskular, samt Gausdal ungdomsskole. I kommunen som heile er det om lag 1% nynorskelevar i 2012.

Verdt å sjå i Gausdal kommune

endre

Bilete

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
admin 2