Gran kommune
kommune i Innlandet fylke i Noreg
Gran er ein kommune i Oppland i Innlandet fylke som ligg på begge sider av Randsfjorden og er ein del av Hadeland. Han grensar i nord til Søndre Land og Vestre Toten, i aust til Hurdal og Nannestad, i sør til Lunner og Jevnaker, og i vest til Ringerike. Mesteparten av busetjinga i kommunen ligg på austsida av fjorden i tettstadene Gran, Jaren, og Brandbu
Gran kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Jaren | ||
Areal | 757 km² | ||
• land | 659 km² | ||
• vatn | 98 km² | ||
Folketal | 13 593 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Randi Eek Thorsen (Ap) | ||
Kommunenr. | 3446 | ||
Gran kommune 60°26′28″N 10°29′44″E / 60.441111111111°N 10.495555555556°E | |||
Kart som viser Gran kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Gran, Norway | |||
Nettstad: www.gran.kommune.no |
Hovudnæringane i kommunen er landbruk og industri. Vestoppland folkehøgskule ligg i kommunen.
Kultur
endre- Dynnasteinen, ein biletstein med runeinnskrift frå tidleg kristen tid; originalsteinen er i Kulturhistorisk museum i Oslo.
- Tingelstad gamle kyrkje, ei kyrkje frå mellomalderen.
- Systerkyrkjene i Gran, (Mariakyrkja og Nikolaikyrkja), to kyrkjer frå mellomalderen som ligg tett attmed einannan.
- Steinhuset, ein av dei eldste ikkje-kyrkjelege bygningane frå mellomalderen i Noreg.
- Gran prestegardshage
- Hadeland Folkemuseum
- Steinsettinga på Bilden, ein krins av oppsette stein på garden Bilden, om lag 1,5 km nord for Tingelstad gamle kyrkje.
Folk frå Gran
endre- Amund Larsen Gulden (1823-1901), fotograf og politikar
- Kristian Horn (1903-1981, botanikar og human-etikar
- Michael Staksrud (1908-1940), skøyteløpar
- Hans Engnestangen (1908-2003), skøyteløpar
- Kirsten Langbo (1909–1996), forfattar
- Thorstein Treholt (1911–1993), stortingsrepresentant for Ap, landbruksminister, fylkesmann i Oppland
- Odd Lundberg (1917–1983), skøyteløpar
- Reidar Liaklev (1917–2006), skøyteløpar
- Erik Pløen (1925-2004), keramikar
- Lars Velsand (1941–), stortingsrepresentant for Sp 1981-1989
- Arne Treholt (1942–), spiondømt journalist og embetsmann (Brandbu)
- Lars Grini (1944–), skihoppar
- Rigmor Aasrud (1960–), stortingsrepresentant for Ap, statsråd 2009-2013
- Anne Tingelstad Wøien (1965–), stortingsrepresentant for Sp frå 2009
- Trond-Arne Bredesen (1967–), kombinertløpar
- Kjersti Grini (1971–), handballspelar
- Jo Inge Berget (1990-), fotballspelar
- Eli Kristin Hanssveen songer ved Den norske opera
Bilete
endre-
Systerkyrkjene; Mariakyrkja til venstre og Nikolaikyrkja til høgre
-
Tingelstad gamle kyrkje.
-
Steinhuset ved Gran prestegard
-
Granavollen Gjæstgiveri