Hartvig Sætra

norsk politikar

Hartvig Sætra (25. oktober 193329. februar 2004) var ein nordnorsk skribent som skreiv mykje i avisene Dag og Tid og Friheten. Sætra var ein ihuga venstreradikalar og målmann. Han var opphavleg med i SV, men gjekk seinare over til NKP. Sætra nytta mykje tid på det han kalla "å avsløra medielygnene" om krigane i det tidlegare Jugoslavia. Ei anna sak han engasjerte seg for var rettane åt det samiske folket.

Hartvig Sætra
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. oktober 1933
Død

29. februar 2004 (70 år)

Yrke politikar, skribent
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti, Norges Kommunistiske Parti
Prisar Heidersprisen Aasmund Olavson Vinje

På 1970-talet og 1980-talet nytta Sætra mykje tid på å dokumentera overgrepa åt Pol Pot i Kambodsja. Dette førte til sterk uvenskap med andre folk på venstresida som sokna til RV og AKP.

Sætra har skrive fleire bøker og vore ein viktig premissleverandør for diskusjonen om økologi og sosialisme i Noreg.

Bøker

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES