Hemsedal kommune
- «Hemsedal» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Trøym.
Hemsedal kommune er ein kommune i Hallingdalen nordvest i Buskerud fylke. Kommunen grensar i søraust til Gol, i sørvest til Ål, i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane og i nordaust til tre kommunar i Innlandet fylke; Nord-Aurdal, Vang og Vestre Slidre. Hemsedal fekk kommunestatus i 1897, då han vart skilt ut frå Gol.
Hemsedal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Adm.senter | Trøym | ||
Areal | 753 km² | ||
• land | 715 km² | ||
• vatn | 38 km² | ||
Folketal | 2 666 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Pål Terje Rørby (Sp) | ||
Kommunenr. | 3326 | ||
Hemsedal kommune 60°54′21″N 8°30′53″E / 60.905830555556°N 8.5147194444444°E | |||
Kart som viser Hemsedal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Hemsedal | |||
Nettstad: www.hemsedal.kommune.no |
Administrasjonssenter i Hemsedal er tettstaden Trøym. Lokalavisa er Hallingdølen, som òg kjem ut i dei fem andre kommunane i Hallingdal.
Geografi
endreHemsedal kommune omfattar det meste av dalen Hemsedal og Grøndalen, der sistnemnde er ein sidedal til Hemsedal. Over fire femdelar av kommunen ligg høgre enn 900 moh, og dette er staden i Sør-Noreg der Austlandet møter Vestlandet. Av den grunn har du brytinga mellom to ulike typar fjellformasjonar i kommunen, noko som er særleg fascinerande for fjellinteresserte. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft på 1920 moh. Hydnefossen, den høgste fossen i Buskerud ut frå totalt fall, ligg ved Hornset i kommunen.
Folkesetnaden ligg for det meste langsmed det største dalføret, og her ligg kommunesenteret Trøym og dei to andre bygdene Ulsåk og Tuv. På begge sidene av dalen er det fjellområde, med Høgeloft på 1920 moh. som det høgste punktet i kommunen. Andre høge fjell i kommunen er Raudebergnuten på 1818 moh. og Skogshorn på 1728 moh. Heilt i aust ligg grenda Lykkja 830-900 moh. i sollia over Tisleifjorden og Storevatnet. Desse sjøane har avløp ved Tisleia til Valdres.
Næringsliv
endreViktige næringar i kommunen er jordbruk med hald av husdyr, særleg av storfe og sau. Det er litt industri med nokre føretak i trevare-, møbel- og næringsmiddelindustrien, me.a. meieri. Turisme er vorte ei viktig satsing frå 1970-åra av. Det er satsa sterkt på vinterturisme med fleire alpinanlegg, mellom anna Hemsedal Skisenter. Reiselivsnæringa og varehandelen sysselset nesten ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Av anna næringsliv kan nemnast nokre hotell, pensjonat, campingplassar og hyttegrender.
Samferdsle
endreRiksveg 52 (Gol-Lærdal) går gjennom Hemsedal og fylgjer Mørkedalen opp til fjellovergangen på 1137 moh. Private vegar går over fjellet til Vestre Slidre i aust og Ål/ Hol i vest.
Kjelder
endre- «Hemsedal» av Geir Thorsnæs og Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Hemsedal kommune
- Hallingdølen - lokalavis i Hemsedal
- Historiske arkiv etter Hemsedal kommune på Arkivportalen