Horisonten er ei tilsynelatande linje som skil jorda frå himmelen, ei linje som skil alle synlege retningar i to kategoriar: dei som skjer jordoverflata og dei som ikkje gjer det. Mange stader er den «verkelege horisonten» skjult av tre, bygningar, fjell og så vidare, og skjeringa mellom himmel og jord vert kalla synleg horisont. Når ein ser på sjøen frå kysten, er delen av sjøen som er nærast horisonten kalla rom, medan horisonten på havet vert kalla kimingen.[1]

Ein havhorisont.

Avstanden til horisonten

endre

Om ein ser bort frå lysbrytinga i atmosfæren, er avstanden frå ein observatør nær jordoverflata kring[2]

 

der d er i kilometer og h er høgda over bakken i meter.

Døme:

  • For ein observatør som står på bakken med h = 1,70 m (gjennomsnittleg augehøgd) er horisonten 4,7 km unna.
  • For ein observatør som står på bakken med h = 2 m, er horisonten 5 km unna.
  • For ein observatør som står på ein ås eller eit tårn som er 100 meter høgt, er avstanden til horisonten 36 km.
  • For ein observatør som står på toppen av Burj Khalifa (828 m), er avstanden til horisonten 103 km.
  • For ein observatør som står på toppen av Mount Everest (8848 m), er avstanden til horisonten 336 km.

Kjelder

endre
  1. "offing", Webster's Third New International Dictionary, Unabridged.
  2. Andrew T. Young Distance to the Horizon. Henta 15. juni 2016.
  NODES
Done 1
himmel 2