Horndukkar

fugleart

Horndukkar (Podiceps auritus) er ein fugl i dukkarfamilien. Horndukkaren er hekkefugl i Nord-Amerika og Eurasia, og hekkar også i Noreg.[2]

Horndukkar
Horndukkar
Horndukkar
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av horndukkar
Utbreiinga av horndukkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Art: Horndukkar P. auritus
Vitskapleg namn
Podiceps auritus

I Noreg er horndukkaren er vanlegast frå Trøndelag og nordover, men han hekkar òg spreitt på Austlandet. Han føretrekker tjern eller myrområder med open vasspegel, og dessutan skjerma parti av større innsjøar og elvar. Vaksne horndykkarar i sommerdrakt har rustbrune kroppssider, bryst og strupe, svart rygg og hodekrage. Frå nebbrota, gjennom auga og bak på nakken har horndykkaren gule "horn". Han overvintrar i hovudsak langs kysten av Sør-Noreg. På menyen står særleg vassinsekt og småfisk.[2]

Raudlistevurdering

endre

Handlingsplanen for horndukkar (Direktoratet for naturforvaltning 2009) oppgir ei rekke potensielle trusselfaktorar, med utsetjing og spreiing av fisk som konkurrerer om føde, predasjon frå mink, og predasjon frå kråke- og rovfuglar som dei aller viktigaste. I Sverige blir det peika på at fjerning eller fullstendig gjengroing av smådammer, drenering og vasstandsendringar, og dessutan forureining (oljeutslepp) er negativt for arten. Fråvær av tidlegare hettemåkekoloniar kan medføra auka risiko for reirpredasjon.[1]

Konklusjon: Horndukkar blir vurdert til raudlistekategori sårbar VU, på bakgrunn av observasjonar og basert på kriteriet C1 (< 10 000 reproduserande individ og 10-20 % bestandsnedgang siste tre generasjonar).[1]

 
Horndukkaregg

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av horndykker Podiceps auritus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES