Hova
Hova er ein svensk tettstad i Gullspångs kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 1 375 innbyggjarar. Hova ligg cirka 30 kilometer nordaust for Mariestad og 20 kilometer nord for Töreboda. I praksis er staden centralort for kommunen, sidan dei fleste administrative funksjonane finst her. Men ein unngår å bruke omgrepet og omtalar Hova som ein av to viktige tettstader i kommunen. Det andre tettstaden er Gullspång.
Hova | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Fylke | Västra Götalands län | ||
Kommune | Gullspångs kommun | ||
Areal | 198 km² | ||
Folketal | 1 225 (31. desember 2023) | ||
Hova 58°50′58″N 14°12′33″E / 58.849317410924°N 14.209161459944°E | |||
Wikimedia Commons: Hova |
E20 går gjennom Hova, som òg har ein jernbanestasjon på Kinnekullebanan. Den kjende manageren for ABBA, Stikkan Anderson er frå Hova.
Historie
endreSlaget ved Hova er ei viktig historisk hending i Sverige. 14. juni 1275 sigra Magnus Ladulås og bror hans Erik, dåverande konge Valdemar Birgersson med hjelp av danske leigesoldater. Magnus Ladulås blei så konge i perioden frå 1275 til 1290. Hendinga vert markert med ei veke lang festival i Hova kvart år, den såkalla riddarveka.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hova» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2012.