Iset
Iset (russisk Исеть) er ei elv i Sverdlovsk, Kurgan og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tobol frå venstre. Elva er 606 km lang og har eit nedslagsfelt på 58 900 km². Elva har ei middelvassføring på 65,4 m³/s.
Iset | |||
elv | |||
Iset i Jekaterinburg
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 58 900 km² | ||
Lengd | 606 km | ||
Middelvassføring | 65,4 m³/s | ||
Kjelde | Isetskoje | ||
Munning | Tobol | ||
Iset 56°35′55″N 66°17′22″E / 56.598611111111°N 66.289444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Iset River |
Elva frys til i november og er islagd til april. Dei største sideelvane hennar er Miass, Tetsja og Sinara. Byene Jekaterinburg, Kamensk-Uralskij, Katajsk, Dalmatovo og Sjadrinsk ligg langs Iset.
Elva renn ut frå innsjøen Isetskoje nordvest for Jekaterinburg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Исеть (река)» frå Wikipedia på russisk, den 29. oktober 2008.