Jakob von Kettler, hertug av Kurland og Semgallen (28. oktober 16101. januar 1682), var ein baltisk-tysk hertug frå Kurland (1642–1682). Under herredømet hans nådde riket den største utstrekkinga si og var involvert i den kurlandske koloniseringa både i Afrika og i Karibia.

Jakob av Kurland

Fødd28. oktober 1610
FødestadKuldīga
Død1. januar 1682
DødsstadJelgava
GravstadJelgava palass
Gift medLouise Charlotte av Brandenburg
FarWilhelm Kettler
MorSophie av Preussen
BornFriedrich Kasimir, Luise Elisabeth, Maria Amalia av Kurland, Alexander av Kurland, Wladislaus Friedrich von Kettler, Karl Jakob von Kettler, Ferdynand Kettler, Charlotte Sophie, Duchess of Courland

Kettler var fødd i Goldingen (no Kuldīga) som son av Wilhelm Kettler og Sophia av Preussen (1582-1610), ei prinsesse av Preussen som var dotter av Albert Frederick av Preussen. Han var gudson av kong Jakob I av England. Under styret til Kettler handla hertugdømet med land som Nederland, Portugal, England og Frankrike. I 1651 sende han ein flåte for å byggja opp eit fort, kalla Fort Jacob, ved Gambiaelva. I 1654 erobra han Tobago med skipet «Das Wappen der Herzogin von Kurland». Kolonien på Tobago blei kalla Neu Kurland (Ny-Kurland).

Hertugen blei teken i fangeskap av Sverige frå 1658 til 1660. I denne tida blei koloniane hans erobra og flåten hans øydelagd. Etter at han blei sett fri, bygde han opp att flåten og tok tilbake koloniane. Han forpakta i ein periode Eidsvoll jernverk.[1] Hertugen døydde i Mitau (no Jelgava) den 1. januar 1682.

Kettler gifta seg med Louise Charlotte av Brandenburg (1617–1676), dottera til Georg Vilhelm av Brandenburg.

Kjelder

endre
  NODES