Jimmy MacBeath
Jimmy MacBeath (1894–1972) var ein skotsk reisande og folkesongar av bothy-balladar frå Nordaust-Skottland. Han var både mentor og kjelde for andre songarar under den britiske gjenopplivinga av folkemusikk på midten av 1900-talet. Han hadde eit stort repertoar av songar, som blei spelt inn av innsamlarane Alan Lomax og Hamish Henderson.
Jimmy MacBeath | |||
Fødd | 1894 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Portsoy | ||
Død | 1972 (78 år) | ||
Dødsstad | Aberdeen | ||
Opphav | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Liv og virke
endreJimmy MacBeath (uttalt som Macbeth) blei fødd inn i ein familie av skotske reisandefolk i fiskelandsbyen Portsoy i Banffshire i Skottland. Han lærte songar som «Lord Randall» (Child Ballad 12) frå mor si. Då han var 13 byrja han å arbeida som dreng på ein gard i Deskford. Han var ei ugift heile livet, og lærte mange songar i bothyane, eller hyttene der mannlege gardsarbeidarar budde. Han kom til å vera ein reisande i mykje av livet sitt; i 1908 la han ut på den fyrste lange gåturen sin, frå Inverness til Perth. Under fyrste verdskrigen gjekk han med i Gordon Highlanders og kjempa i Flandern. Seinare gjorde han teneste i Royal Army Medical Corps under den irske sjølvstendekrigen. På 1920-talet blei han dimittert. Han arbeidde som kjøkkenarbeidar, sesongmessig fruktplukking og tigga, og drog langs vegane i Skottland, England, Kanaløyane og Nova Scotia i Canada. Han tente pengar på å synga på gater, pubar, hiring fairs (yrkesmesser for tenestefolk) og marknader. Det blir til og med sagt at han song på kinoar som ikkje hadde piano å spela på under stumfilmar. Han hadde ein tendens til å vandra om sommaren og halda seg i Elgin om vinteren. Han døydde på Tor-na-Dee Hospital i Aberdeen og blei gravlagd i heimbyen Portsoy.
Songarkarriere
endreJimmy MacBeath var ein tradisjonell songar. Han var ein av den siste generasjonen som song tradisjonelle songar i bothyar, i lag med John Strachan og Willie Scott. På 1920-talet drog han langs vegane med Davie Stewart, som òg var ein songar, men som òg spelte sekkepipe og trekkspel. Stilane deira var svært ulike, så ein song medan den andre tok imot pengar. Han budde i «model lodging houses», offentlege bustader for heimlause menn, litt betre enn såkalla «flophouses». I 1951 var Alan Lomax og Hamish Henderson i Turriff, då dei fekk høyra om Jimmy i Elgin. Han kom til Turriff og fekk bu på eit av dei beste hotellromma i byen. I 1952 drog han til London for å vera med på den fyrste folkemusikk-serien på britisk fjernsyn. I 1965 var han i lag med mange andre tradisjonelle songarar og musikarar med på den fyrste av dei nasjonale folkemusikkfestivalene haldne ved Keele University. I mange år var MacBeath populær i folkemusikklubbar. Då han song «The Barnyards of Delgaty» på Edinburgh Folk Festival Ceilidh i 1951 var publikum begeistra.
- Repertoar
Fleire av songane han son er blitt overførte til songarar som var del av den tidlege gjenopplivinga av folkemusikk i England og Skottland, til dømes «The Keach in the Creel» og «Tramps and Hawkers».Peter Kennedy si samling Folksongs of Britain and Ireland (1975) inneheld 13 av Jimmy MacBeath sine songar.
Songane og intervjua hans har døme på eit løyndespråk kjent som beggar's cant:
- Gadgie in this keer - leiaren på denne staden
- manashee - jente
Dette er romani-ord, med slektskap til hindi. Han song òg songar på den skotske dialekten dorisk, som i «Fa Would Be a Fisherman's Wife?». I «Two Gentlemen of the Road» skildrar han innviingsseremonien til «The Horseman's Word», ein slags hemmeleg brorskap for hestefolk som skulle kunna kontrollera hestar ved hjelp av hemmelege ord. Dei kom saman mellom midnatt og klokka eitt om morgonen og stilte den som skulle innviast ei rad spørsmål med formelsvar, som: «Was the road crooked or straight?» - «The Road was dark and crooked. I come by the light of the moon». Den innvigde hadde på seg ein trikanta hatt og høyrde uklare ord som blei lesne frå ei bok. Alan Lomax meinte det høyrdest ut som trolldom. MacBeath er skeptisk til heile sereminuen. Det er ingen måte å vita om dette er ein urgammal seremoni, eller ein svindel laga på 1800-talet for å hindre utanforståande å få jobb som hestefolk.
Diskografi
endre- Wild Rover No More (1967)
- Bound To Be A Row (1976)
- Two Gentlemen of the Road (2002) (antologi av Jimmy MacBeath og Davie Stewart)
- There is a man upon the farm - The Voice of the People vol 20 (1998) (ulike artistar)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jimmy MacBeath» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2024.