Jingdezhen
Jingdezhen er eit byprefektur i den kinesiske provinsen Jiangxi nordaust i landet. Jingdezhen har eit areal på 5 263 km² og ca. 1,5 millionar innbyggarar (2007). Han er kjent som porselenshovudstaden i Kina ettersom han har produsert kinesisk keramikk i minst tusen år. Byen har ei veldokumentert historie som går over to tusen år tilbake.
Jingdezhen 景德镇市, Jǐngdézhèn 景德镇市, Jǐngdézhèn Shì | |||
by | |||
Land | Kina | ||
---|---|---|---|
Provins | Jiangxi | ||
Areal | 5 262,17 km² | ||
Folketal | 1 554 000 (2007[1]) | ||
Jingdezhen 29°17′39″N 117°12′13″E / 29.294167°N 117.203611°E | |||
Jingdezhen på eit kart over Jiangxi og i Kina.
| |||
Wikimedia Commons: Jingdezhen |
Historie
endreJingdezhen er verdskjent for sitt fine porselen. Det har vorte laga sidan Handynastiet av kvit leire (kaolin) frå Poyangsjøen i vest. Staden nådde ei stordomstid på 1100-talet under det nordlege Songdynastiet, då han sette i gang porselenesproduksjon i stor skala under keisarleg vern,[2] og leverte porselen til keisarhoffet. Under Kanghsiperioden (1662–1722) hadde Jingdezhen ca. 1 mill. innbyggjarar, som alle var meir eller mindre knytte til porselensframstillinga, og rundt 3000 keramikkomnar.[2]
Staden hadde ei ny stordomstid under Qingdynastiet, då han levererte porselensvarer som gjekk til eksport over Guangzhou. Under Taipingopprøret midt på 1800-talet vart byen sterkt skada og gjekk inn i ei nedgangstid. Fabrikkane fekk først tilbake den store tydinga si etter 1949, då industrien vart modernisert.[2]
I nærområda til byen vert det utvunne kaolin, kol og mangan.
Kjelder
endre- ↑ «Household and Population by Region (end of 2007)». Jiangxi Statistical Yearbook. Arkivert frå originalen 2. mai 2010. Henta 29. august 2009.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Jingdezhen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Jingdezhen» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Uttale av namnet Jingdezhen. Han trainer dictionary