José Manuel Durão Barroso

portugisisk politikar

José Manuel Durão Barroso (fødd 23. mars 1956 i Lisboa) er ein portugisisk politikar og jurist. Frå 2002 til 2004 var han statsminister i Portugal. Han var president for Europakommisjonen frå 2004 til 2014.

José Manuel Durão Barroso

Fødd23. mars 1956 (68 år)
Lisboa
Statsborgar avPortugal
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
InstitusjonarGeorgetown University
Utdanna vedUniversity of Lisbon School of Law
Georgetown University
Edmund A. Walsh School of Foreign Service
Université de Genève
MedlemSteering Committee of the Bilderberg Meetings
VervStatsminister i Portugal 2002-2004
FøregangarAntónio Manuel de Oliveira Guterres
EtterfylgjarPedro Santana Lopes
VervPresident i Europakommisjonen 2004-2014
FøregangarRomano Prodi
EtterfylgjarJean-Claude Juncker
Alle verv
  • president i Europakommisjonen (2004–2014)
  • Portugals statsminister (2002–2004)
  • Portugals utenriksminister (1992–1995)
  • medlem av Portugals parlament
  • medlem av Portugals parlament Sjå dette på Wikidata

Barroso studerte jus ved Universitetet i Lisboa, seinare økonomi og samfunnsvitskap i Genève i Sveits. Som universitetslektor spesialiserte han seg i internasjonal politikk i Lisboa, seinare i Washington, der han tok filosofisk doktorgrad. Etter at han kom tilbake til Portugal vart han direktør for avdelinga for internasjonal politikk ved Lusíada-universitetet i Porto.

Han vart medlem av nasjonalforsamlinga i Portugal i 1985. Barosso var utanriksminister frå 1992 til 1995, og partileiar i Partido Social Democrata, som trass i namnet er eit høgreparti, frå 1999 til 2004. I Europakommisjonen sat han for Det europeiske folkepatiet.

I tillegg til morsmålet, portugisisk, snakkar Barroso flytande engelsk, fransk og spansk. Han er gift og har tre ungar.

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
Done 1