Keltiske språk

(Omdirigert frå Keltisk språk)

Dei keltiske språka utgjer ei av språkgreinene innanfor den indoeuropeiske språkfamilien, og nærast i slekt med dei italiske språka. Desse to dannar den kelto-italiske gruppa.

Inndeling

endre

Dei goidelske språka og keltiberisk kallast q-keltiske, medan dei andre kallast p-keltiske. Skilnadane mellom p- og q-språka er lettast å sjå i orda for «son» og «fem» (5). På det q-keltiske språket irsk heiter son mac (tidlegare maq), og 5 heiter coíg. På det p-keltiske språket bretonsk heiter son map, medan 5 heiter pemp. Q-forma vert rekna som den mest konservative (ho stemmer med italiske språk som latin), medan p-forma har gått gjennom ei meir omfattande utvikling.

Språkhistorie

endre

Ytre språkhistorie

endre

Dei keltiske språka har i periodar vore langt meir utbreidde enn dei er no. Keltarane sin kultur var i ei overgangstid i ferd med å knusa kulturen knytt til Romarriket. Etter at romarane hadde teke dei keltiske landområda med unntak av Irland (Éire), vart mange keltiske språk oppgjevne. Då romarane trekte seg ut av Britannia i år 407 e. Kr. vart britane i det meste av England invadert av germansk- talande jydar, anglarar og saksarar. Dei keltisktalande britane flytta mot Kerneweg (Cornwall) og Cymru (Wales), der dei lenge stod mot trykket. Samstundes reiste mange av dei til Breizh (Bretagne). Der oppretta dei små hovding- og fyrstedøme. Ein trur at det vart tala gallisk sør i Bretagne. Mange særdrag i Vannes-talemålet tyder på, at bretonsk har vorte påverka av eit gallisk substrat. Årsaka til emigrasjonen frå Wales og Cornwall mot Bretagne kan òg vera at det skjedde ei folkeflytting frå sør-irland over Irskesjøen mot Wales i det fjerde, femte og sjette hundreåret.

Irane hadde fredstid i fleire hundre år og utvikla ein særleg irsk form for kristendom. Dei kristna germanarane i England og oppretta kloster i området ved Rhinen. Seinare kom irane under press frå vikingane, særleg frå Noreg). Trass i dette, og seinare presset frå den normanniske invasjonen stod gælisk sterkt i Irland. Det gæliske Irland og Skotland var heile tida eit språkleg kontinuum med eit sams språk med dialektskilnader. Frå det niande til det tolvte hundreåret kallar me dette språket mellom-irsk, deretter blir det kalla tidleg moderne irsk. Først på 1600-talet byrjar dialektskilnadene å kome fram i litteraturen og mot slutten av 1700-talet står mansk og skotsk gælisk fram som eigne språk.

Etter at engelskmennene hadde erobra Irland byrja ei lang attendegang for irsk gælisk. Hendingar som svelt- katastrofen og den massive utvandringa i 1840-åra skunda på attendegangen. Då republikken Irland vann fridom, vart det gjort stor innsats for å redda det opphavlege, nasjonale språket. Først på slutten av 1900-talet, fekk språket nokon særleg framgang. Den same utviklinga kan ein sjå i Wales, der kymrisk vert tala av fleire enn i førre generasjon. Båe stader ser dei moderne media ut til å ha vore avgjerande for framgangen. Dei keltiske språka har fått stønad gjennom EU sitt charter om mindretalsspråk.

Indre språkhistorie

endre

Dei keltiske språka er ei av greinene i den indoeuropeiske språkfamilien, som sannsynlegvis skilde seg ut som eiga språkgrein rundt det åttande hundreåret før vår tidsrekning. Alle moderne keltiske språk kan rekonstruerast attende til urspråk som deler desse kjenneteikna:

  • Bortfall av indoeuropeisk */p/: gammalirsk athir („far“) frå urindoeuropeisk *pH2tēr (også overgang til /x/ foran lukkelydar: gammalirsk secht („sju“) frå indoeuropeisk *septm; i p-keltisk vart det seinare danna ein "ny" /p/ frå /kw/ , i q-keltisk irsk finn vi /p/ berre i lånord og ord med bestemte lydkombinasjonar (z. B. /b/ + /h/ > /p/)
  • Omleggjing av vokalsystemet (lange „midtvokalar“ /ē/ og /ō/ vart til /ī/ resp. /ā/ eller /ū/ (avh. av posisjonen i ordet): hgallisk rīx („konge, fyrste“) av indoeur. *rēks; /ē/ og /ō/ vart nydanna av gamle diftongar.
  • Overgangen frå indoeur. /gw/ til /b/: gammalirsk („ku“) frå ieur. *gwous-
  • Overgangen frå indoeur. stavingsberande lydar /l/ og /r/, i visse kontekstar til /al/, /li/ eller /lā/ evt.. /ar/, /ri/ eller /rā/.

Dei kjenneteikna som er så typiske for dei moderne keltiske språka, framlydsmutasjonen i dei øykeltiske språka og den fonemiske palataliseringa i dei goidelske språka, representerer begge ei seinare utvikling. I dei belagte kontinentalkeltiske språka er det ikkje mogleg å finne spor etter verken mutasjon eller palatalisering.

Karakteristiske forhold i dei keltiske språka

endre

Sjølv om det er mange skilnadar mellom dei enkelte, keltiske språka, viser dei mange fellestrekk. Mange av desse trekka er ikkje eineståande for dei keltiske språka, men omvendt er det sannsynlegvis ingen andre språk som har alle desse trekka samla. Dei omfattar:

  • Systematiske og tydingsberande framlydsmutasjonar, dvs. vekslingar i den fyrste konsonanten i ordet (monadh (= ein mose) -> auns a’mhonadh (= i mosen)
  • Bøying av preposisjonar (leam = med meg; leat = med deg; leis = med han/henne)
  • Verb-Subjekt-Objekt (VSO-språk) er standardrekkjefylgja i den keltiske setningsbygninga (chuir e an leabhar = lagde han bogen, dvs.: han lagde bogen)
  • To grammatiske kjønn: maskulinum og femininum
  • Bestemt determinativ, men ikkje ubestemt ( - an cú; hund - hunden, ein hund finst ikkje)
  • Genitiv vert konstruert ved å setje orda saman (eks.: cinn nan cat = kattane sine hovud)
  • Tjuetalssystem (fichead = 20; dà fichead = 40; trì fichead = 60 osv.)

Døme

endre

Frå skotsk-gælisk:

Ná bac le mac an bhacaigh is ní bhacfaigh mac an bhacaigh leat.

(Ordrett:) «Ikkje merksam med son tiggaren sin, og heller ikkje vil vere merksam son tiggaren sin med deg.» (dvs.: Dersom du ikkje er merksam på tiggaren sin son, vil han ikkje han heller vere merksam på deg)

bhacaigh er genitiv av bacach. I-en er eit innskote genitivsmerke. Endringa b -> bh er ein språkmutasjon, som vert synleg ved maskulinum i genitiv. Leat er bøyingsforma i 2. person av le (= med). Rekkjefylgja VSO kan ein sjå i andre halvdel: bhacfaigh (V) + mac (S) + leat (O).

Frå walisisk:

Pedwar ar bymtheg ar bedwar hugain

(Ordrett:) «Fire på femten på fire tjue», dvs. 99

bymtheg er ein språkmutasjon av pymtheg (= pump + deg (fem + ti) dvs. 15). bedwar er ein mutasjon av pedwar (= 4)

Ortografi

endre

I irsk og skotsk-gælisk kan mutasjonar i den første konsonanten sjåast i skrift, men i dei andre keltiske språka brukar ein bokstaven som svarar til lyden. Dette kan gje problem med å finna att ord i ordbøker viss ein ikkje er klar over lydendringa.

Døme frå bretonsk: Penn (hovud) => ma fenn (hovudet mitt), Ti (hus) => he zi (huset hennar)

På bretonsk har tre tal hokjønnsform: 2 (daou/div), 3 (tri/teir) og 4 (pevar/pedir). For talet 18 seier ein 3 x 6, 'triwec'h', medan walisarane seier 2 x 9, 'dinau'.

Språkslektskap

endre

Mange ord vitnar om slektskap mellom goidelsk og brittonsk: 'Vêr' er amzer på bretonsk, amsir på walisisk og amsair på irsk. 'Hus' er 'ti', 'tŷ' og 'teach' på dei same språka.


Sjå også

endre

Kjelder

endre
  • Ó Murchú, Máirtin: The Irish Language. Dublin 1985.

Bakgrunnsstoff

endre



  NODES
mac 5
os 9