Kjersti Holmen
Kjersti Holmen (8. februar 1956–26. september 2021) var ein norsk skodespelar som verka innan teater, fjernsyn og film.
Kjersti Holmen | |||
Fødd | 8. februar 1956 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 26. september 2021 (65 år) | ||
Dødsstad | Økernhjemmet | ||
Aktive år | 1980–2012 | ||
Verka som | fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar, skodespelar | ||
Ektefelle | Reidar Sørensen, Sverre Anker Ousdal | ||
Sambuar | Reidar Sørensen, Sverre Anker Ousdal | ||
Born | Elias Holmen Sørensen, Isak Holmen Sørensen | ||
Prisar | Per Aabels ærespris, Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Amandakomiteens ærespris, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden |
Holmen utdanna seg ved Statens Teaterhøgskole, og debuterte som skodespelar i 1980. Debuten kom i teaterkomedien Mannfolk av Arild Feldborg. I 1985 slo ho gjennom som filmskodespelar i Orions belte. Ho spelte også i fjernsynsseriar.
I 2009 blei Holmen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hennes innsats for norsk scenekunst».[1]
Den siste større teaterrolla hennar var tittelrolla i Frøken Julie av August Strindberg i 2012. Etter dette trekt ho seg frå teateret grunna sjukdom.[2] Ho døydde på Økernhjemmet 26. september 2021.[3]
Holmen hadde sønene Elias Holmen Sørensen og Isak Holmen Sørensen, begge skodespelarar, med skuespiller Reidar Sørensen. Seinar blei ho sambuar med Sverre Anker Ousdal.[4]
Rolleliste
endre(utval)
- Mennesker i solen (2011) - Siv
- Maskeblomstfamilien (2010)
- En ganske snill mann (2010) - Wenche
- Upperdog (2009) - Else Beate
- Max Manus (2008) - Fru Jacobsen
- Kunsten å tenke negativt (2006) - Tori
- En udødelig mann (Fjernsynsserie, 2006) - Marichen Ibsen
- Elsk meg i morgen (2004) - Elise
- Olsenbandens første kupp (Fjernsynsserie 2001) - Gudrun Jensen
- S.O.S. (1999) - Ellen
- Sofies verden (1999) - Fru Johnsen
- Wesensteen (fjernsynsserie, 1998)
- 1732 Høtten (1998) - Andrea Hartmann
- Jakten på nyresteinen (1996) - Fru Galle
- Gåten Knut Hamsun (fjernsynsserie, 1996) - Marie Hamsun, den yngre
- Ti kniver i hjertet (1994) - Mor
- Vestavind (Fjernsynsserie, 1994) - Elna
- Telegrafisten (1993) - Jomfru van Loos
- Den spanske flue (1990) - Emma Klinke
- Herman (1990) - Vaskekona
- Orions belte (1985) - Eva Gjelseth
- Rød snø (fjernsynsserie, 1985) - Anne Eriksen
- Fleksnes fataliteter (1981) - Brud/ advokat
Prisar og utmerkingar
endre- Per Aabels ærespris 1983
- Amandaprisen 1993 for beste birolle i Telegrafisten.
- Aase Byes pris 1999
- Amandaprisen 2000 for beste kvinnelege hovudrolle, både i S.O.S og Sofies verden.
- Amandaprisen sin heiderspris i 2009, saman med Sverre Anker Ousdal og Helge Jordal.
- Utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2009 for innsats norsk scenekunst
Kjelder
endre- Utdjupande NBL-artikkel om Kjersti Holmen, skriven av Svend Erik Løken Larsen.
- Filmografien er henta frå Holmen sin profil på Imdb.com
- Referansar
- ↑ Utnevnelse til St. Olavs Orden, kongehuset.no, henta 16. november 2009.
- ↑ NTB, Solveig Ruud og Thomas Olsen (26. september 2021). «Skuespiller Kjersti Holmen er død» (på norsk bokmål). Henta 26. september 2021.
- ↑ Espen Kjendlie (26. september 2021). «Kjersti Holmen er død» (på norsk bokmål). NRK. Henta 26. september 2021.
- ↑ «Kjersti Holmen». nrk.no. 23. oktober 2007. Henta 27. januar 2021.