Kristoffer Brun (fødd 7. april 1988 i Bergen) er ein norsk roar som representerer Bergens Roklub.

Kristoffer Brun


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. april 1988 (36 år)
Bergen
Idrett roing
Tok del i Roing under Sommer-OL 2012 – Dobbeltsculler, lettvekt menn, Roing under Sommer-OL 2016 – Dobbeltsculler, lettvekt menn, Roing under Sommer-OL 2020 – Dobbeltsculler, lettvekt menn

Karriere

endre

Kristoffer Brun ror dobbeltsculler saman med Are Strandli og dei to har delteke under fleire U23-VM og World Cups.[1] Saman representerte dei Noreg i lettvekts dobbeltsculler under sommar-OL 2012 i London. Dei kom på andreplass i sitt kvalifiseringsheat og gjekk dermed rett til semifinale.[2] I semifinalen gjekk det derimot dårlegare for roarane, og dei rauk ut av OL.[3] Dei enda på ein niandeplass samanlagt.[4]

Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Brun bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Are Strandli.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Kristoffer Brun» (på engelsk). Det internasjonale roforbundet. Henta 18. februar 2017. 
  2. NRK.no, 29. juli 2012: Overrasket med andreplass
  3. Aftenposten.no, 2. august 2012: Skuffelsen er enorm
  4. Resultatliste frå Sports-reference.com, arkivert frå originalen 13. desember 2017, henta 23. august 2012 
  Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
INTERN 1