Krokeide
Krokeide er ein tettstad og ein gard i Bergen kommune i Vestland. Staden har 368 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg mellom Fanafjorden og Lysefjorden. Her er framleis gardsdrift.
Krokeide | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Areal | 0,55 km² | ||
Folketal | 368 (2023) | ||
Folketettleik | 669 / km² | ||
Postnummer | 5244 FANA | ||
Krokeide 60°14′00″N 5°18′00″E / 60.23333333°N 5.3°E | |||
Wikimedia Commons: Krokeide |
Her ligg Krokeide skole og Krokeide videregående skole.
Frå Krokeide går det ferje til Hufthamar på Huftarøy i Austevoll.
Namn
endreNamnet kjem av det norrøne Krókeið eller Krókeiðar. Det første leddet er av ukjend opphav, medan andre leddet syner til eidet som her ligg mellom Fanafjorden og Lysefjorden.
Geografi
endreKrokeide ligg mellom Fanafjorden i nord og Lysefjorden i sør, og namnet syner til det 170 meter breie eidet mellom desse fjordane. Vest for eidet ligg Korsneset, ei halvøy mellom dei to nemnde fjordane, samt Korsfjorden i vest. Vestre del av Korsneset er utan busetnad, men dekkjer eit større militært område med utsikt mot Sotra og Austevoll og utover Korsfjorden til Marstein fyrstasjon.
Krokeide grensar til gardane Rød i nordaust og Nordvik i søraust.
Historie
endreGarden, som opphavleg omafatta Korsneset høyrte opphavleg til Lyse kloster og Lyseklostergodset fram til brukarane sjølve tok over i 1870- og 1880-åra.
I eldre tider brukte ein å slepe båtane over det 170 meter lange eidet, for å unngå å segle rundt Korsneset, som ligg ope til ut mot havet ved Korsfjorden.
Tidlegare låg det eit granittbrot på garden.
Sjå òg
endreKjelder
endre- SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Hordaland»
- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.